Bybiletet i Leirvik vil bli sterkt endra når oppussinga av Borggata Futurum vert realisert. Foto:
- Annonse -

Borggata Futurum vil ha helserelatert verksemd på gateplan, og kjem ikkje til å fornye leigekontrakten med det tradisjonsrike varehuset John Fadnes AS.

Ï fleire tiår har John Fadnes AS drive fotobutikk, parfymeri og veske- og koffertbutikk i Borggata.

Men i dei nye, spenstige planane til Borggata Futurum er det ikkje lagt av plass til butikken. Det vil nemleg bli bygd ein gangtunnel tvers gjennom lokalet der butikken er i dag, for å knyte Borggata saman med kaifronten.

– Kastar ingen ut

I tillegg ønskjer Borggata Futurum at det skal vere mest mogleg helserelatert verksemd i bygningsmassen, også på gateplan.

– Fadnes vil ikkje bli ein del av leigetakarane, då dette ikkje er helserelatert næring som me skal ha inn i helseparken. Det betyr ikkje at me kastar nokon ut, men me vil hjelpe dei å få andre lokale, fortel dagleg leiar i Borggata Futurum, Aasa Eldøy.

Borggata Futurum vil bygge gangveg mellom Borggata og kaifronten. Den vil gå tvers gjennom John Fadnes sine butikklokale, som no må sjå seg om etter nye lokale. Skisse: MAD Arkitekter

Ho fortel at det ikkje er teke noko avgjersle for kva som skjer med dei andre to leigetakarane på gateplan, kledebutikken G. Irgens og nyopna Galleri Günther/Rammemakaren.

- Annonse -
- Annonse -

– G. Irgens vil kunna halde fram, då dei held til i bygget som vil huse konsulentbransjen. Det er ikkje teke nokon avgjersle på om Galleri Günther får bli når helseparken er oppe og går.

- Annonse -

Ho vil ikkje seie noko om tidsfristen for kva tid John Fadnes AS må flytte ut.

– Har akkurat fornya kontrakten

Dagleg leiar John Heine Fadnes var ikkje informert om at dei ikkje lenger får bli i Borggata.

– Eg har ikkje høyrt noko om det. Eg har akkurat fornya kontrakten med dei, og har ikkje høyrt noko anna enn at det kanskje kunne vere snakk om flytting på eit seinare tidspunkt.

– Har de tenkt på andre lokale i sentrum som det kan vere aktuelt å flytte til?

– Eg veit ikkje. Den tid den sorg. Eg skal i møte med dei i morgon, så då får me sjå.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -