Kværner-sjef Steinar Røgenes er stornøgd med Castberg-kontrakten og planane om storutviding på verfet på Stord. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Kværner-sjef Steinar Røgenes fortel at arbeidet med Johan Castberg-plattforma på Stord allereie vil vere i gang på slutten av året.

– Dette er viktig for Kværner og for verftet på Stord. Det er ein fantastisk dag for heile norsk leverandørindustri, seier Steinar Røgenes i Kværner etter dagens tildeling av storkontrakten til Johan Castberg-plattforma.

Sjå videointerjvu nedst i saka.

Kværner er allereie gang med planlegginga av Johan Castberg, og arbeidet på Stord tek til allereie i løpet av inneverande år.

– Me går i gang med ein gong. Produksjonen her på verftet vil gå i gang mot slutten av året. Me startar ganske tidleg. Johan Sverdrup skal leverast i 2019 og Njord skal ligge til 2020, så at me no får jobb som går fram til 2022 er heilt fantastisk.

– Kontrakten vil gi jobb til 2000 Kværner-tilsette. Kor mange av desse vil vere i jobb på Stord?

- Annonse -

– Dette er ein fabrikasjonskontrakt, så veldig mange vil vere lokalt her på Stord. Samtidig er det mange i Verdal og i Oslo som vil jobbe med dette.

Røgenes trur det vil vere behov for innleige til plattformbygginga, men at det er Kværner sine eigne som vil stå for det meste av arbeidet.

– Me vil sjå litt etter kvart kor mykje behov det vil vere for innleige. Men det er klart at det vil vere behov for innleige innan enkelte disiplinar. Men grunnstammen vil vere våre eigne tilsette.

Johan Castberg-kontrakten er på 3,8 milliardar kroner. Det er vesentleg mindre enn kva som var spekulert på førehand. Bransjeavisa Upstream trudde kontrakten ville kome på rundt 8 milliardar, og analytikar Morten Nystrøm i Nordea uttalte til Stord24 at han trudde verdien ville vere på godt over 5 milliardar. Røgenes trur det store fokuset på kostnadskutt har gjort at verdien på kontrakten er mindre enn venta.

– Det kan godt hende dei hadde andre forventningar. Men me har heilt klart jobba effektivt i mange år no med kostnadskutt. Så at det er ein del av biletet er heilt sikkert. Det viser seg at det betalar seg at heile leverandørindustrien har jobba intenst med å kutte kostnadane. Det har vist seg at dette var rette vegen å gå.

Sjå heile intervjuet med Steinar Røgenes her:

Intervju med Kværner-sjef Steinar Røgenes.

Posted by Stord24 on 13. februar 2018

- Annonse -