- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Om me utsett Stordpakken, så medførar det at me risikerar at heile finansieringsordninga ikkje lenger er mogeleg då innkreving på E39 i framtida ikkje lenger kan vere godtatt, skriv Geir Angeltveit.

Av: Geir Angeltveit, Stord Venstre

15-åringar er mindre fysisk aktive enn-70 åringar. Me har over 100 born som skyssast til skulen pga farefull veg. Sykkelstativa ved barneskulane har mange brukarar, det kan fint vere plass til fleire. Den vesle aktiviteten til og frå skulen gir nok helsegevinst til å nå minimumskravet.

Born  som har gått eller sykla til skulen har betre konsentrasjon og høgare læringsutbytte. Vaksne som syklar eller går til jobb har betre konsentrasjon og arbeidsevne. Fordi ein aktiviserar systemet sitt.

Sjå Angeltveit sitt videoinnlegg øvst i saka.

Det er mange i samfunnet som ikkje kan køyra bil (lenger), og som også treng gode mobilitetsalternativ. Sykkelvegar gjer seg også ypperleg som effektive transportårer for elektriske rullestolar.

– Må skilje trafikantane

- Annonse -
- Annonse -

Helsegevinstane frå sykling vil påverka heile samfunnet, nokre prosent auke i tilsvarande byar/tettstadar som oss visar 30-40 millionar årlege innsparingar i sjukefråvær og uhelse.

Skal me få folk til å sykla meir så må me få dei ut av vegbanen. 

Folk sender ikkje borna sine på ein skuleveg som ikkje er trygg, og mange vil aldri ta sjansene på å sykla ute i vegbanen. Derfor må me følgja Stordpakken på å skilja harde og mjuke traffikantar.

Det kjem nye EU-direktiv. Desse kan medføra at pakkar som Stordpakken der riksvegnett og lokalvegnett vert kryssfinansiert, ikkje lenger er mogeleg. Om me utsett Stordpakken, så medførar det at me risikerar at heile finansieringsordninga ikkje lenger er mogeleg då innkreving på E39 ikkje vert godtatt. 

- Annonse -

Når ny ferjefri E39 kjem vil den auken i trafikk vere så stor at me er heilt avhengige av å få på plass kompenserande tiltak på vårt eksisterande lokalvegnett, og i enda større grad skilja mjuke og harde trafikkantar.

Sykling på is går heilt fint, syklar med piggdekk har langt betre feste enn bilane og er ikkje eit faremoment.

Elsyklar på frammarsj

Elsyklar er på full frammarsj, i mange variantar. Me fekk presentert elsyklar frå heimehjelp til små transportvogner for varelevering og transport av barnehageborn i vogner. Det er så mange mogelegheiter for så mange grupper her, men då må me skilja mjuke og harde traffikantar. 

På Fylkestinget for eitt år sidan ringte eg til samtlege gruppeleiarar i kommunestyret på Stord og ba dei om bistand på fylkesnivået. Me handsama Regional Transportplan og det var eit punkt om satsing på gang og sykkelvegutbygging som i hovudsak berre peika på Bergen.

Med hjelp frå politikarane på Stord fekk me eit samrøystes vedtak på Fylkestinget som vedtok at «fylkets satsing på gang- og sykkelveg skal prioriterast gjennom Sykkelbyprosjektet», per dags dato er det Bergen og Stord som er sykkelbyar i Hordaland, med Fjell, Kvam, Voss og nokre andre som lurar på å bli med. Sykkelbyprosjektet har tilført kommunen 30 millionar kroner sålangt, og er eit ess i ermet ved forhandlingar på fylket om bistand inn i Stordpakken. Me kan ikkje forkasta dette no.

Ungdomsrådet er tydelege på at dei ønskjer trygge gode skulevegar til skulane og fritidsaktivitetar. 

Ny teknologi på innkreving av innbetaling vert prøvd ut i småskala. Me bør signalisera at me er villige til å testa ut for eksempel vegprising, det kan me seie frå om i vårt vedtak.

10 nøkkelpunkt om sykling

  1. Sykling er bra for helsa– både mentalt og fysisk. Inaktivitet er ein stor kostnad for samfunnet. Helsedirektoratet har berekna at den samfunnsøkonomiske helsegevinsten er 26,38kr per nye kilometer. OECD har berekna at helsegevninster er over 20 gongar høgare enn kostnadane knytta til trafikkulykker og eksponering for luftforureining.
  2. Sykling reduserar klimagassutsleppa. Norge har påtatt seg store klimaforpliktelsar gjennom mellom anna Paris-avtala. Sykkelen er ein del av løysinga for å redusera klimagassutsleppa på korte reiser. På reiser mellom 1-3 km føregår over halvparten som bilførar (!!!) og berre 8% på sykkel. Her er det eit gigantisk potensiale.
  3. Sykling er med på å skapa gode byar. Byar som ønskjer å bli attraktive både for næring, turisme og befolking må utviklas på menneskas premisser. Sykkeltilrettelegging er arealeffektivt, skapar få barrierer i byen, støer ikkje, forureinar ikkje, SKAPAR MEIR HANDEL, og kan integrerast med anna ønska aktivitet i ein by. For kven søkar seg eigentleg til ein by fordi det er så mykje biltrafikk der?
  4. Sykling reduserar belastninga på vegnettet. Nokre mennesker treng å bruka bil (handicappa, næringsliv, politi, ambulansar osb), men må sitta i kø dagleg. Det skal ikkje mange prosent nedgong i biltrafikken til før køane vert borte. Hadde alle vaksne med under 10km til jobb vald sykkel ein tilfeldig dag kvar veka, ville langt færre av dei som må bruka bil sotte i kø – til store besparelsar for samfunnet.
  5. Sykling er efektivt.I mange tettstadar er gjennomsnittshastigheita for sykling omtrent den same som for bilkøyring, men syklisten treng ikkje å leita etter parkering og kan i mange tilfeller sykla heilt ti døra. Dessutan kan syklande og gåande nytta mange snarvegar som bilar ikkje kan.
  6. Sykling er forutsigbart. Ein sykkelreise ein kjenner frå før, ta omtrent den same tida uansett tid på døgnet eller årstid. Syklistar vert ikkje forsinka av kø, forsinka bussar, ulykker osb
  7. Sykling auker konsentrasjonen. Ei undersøking av 20.000 danske elevar viste at fysisk aktviitet på veg til skulen, var den ytre faktoren som påverka konsentrasjonen mest positivt, meir enn for eksempel om elevane hadde spist frukost. Av aktive transportformar kom sykling best ut.
  8. Sykling virkar sosioøkonomisk utjamnande. Dette har ikkje vore eit stort tema i Norge, men er det fleire andre stadar i utlandet. Sykkel er eit rimeleg og effektivt transportmiddel som kan brukast av unge som gamle, fattige som rike, og som difor bidrar til auka mobilitet og aukt deltaking for breie lag av befolkninga.
  9. Sykling er gøy. Sykling har skapt gode opplevingar i 200 år. Gjennom tur, trening, konkurranse, kvardagstranposrt og ferie har sykling skapt opplevingar av meistring og fridom for generasjonar av mennesker over heile verden. Samfunnet har forandra seg enormt mens sykkelen er relativt lik.
  10. Me krev det allereie. I våre nye byggefelt og områder i kommunen så krev me at det skal leggast til rette for gåande og syklande. Då må me sørgja for at det er samanheng mellom det nye som vert bygga og vår satsing på infrastruktur i kommunen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -