- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Førre gong Vassendgutane vitja Fitjar møtte heile 800 opp til konsert. Det svarar til over ein fjerdedel av alle innbyggjarane i kommunen.

Det er allereie fleire hundre som har kjøpt billett til det som sannsynlegvis blir den største konserten på heile Stord-øya i 2018, nemleg når Vassendgutane inntek Fitjar kultur- og idrettsbygg laurdag om ei veke.

Allereie no er det selt fleire hundre billettar, og Ole Bergesen, dagleg leiar i Fitjar kultur- og idrettsbygg, vil gjerne sjå at same talet på publikummarar som for fire år sidan, då 800 festklare konsertgjengarar løyste billett.

God plass

– Dette er den største konserten i Fitjar gjennom året og masse billetter er allereie selt. Men i Idrettshallen er det godt med plass så det er berre å leggje turen til Fitjar denne laurdagen. For dette blir ein sjeldan kjekk folkefest, seier Ole Bergesen, dagleg leiar i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Vassendgutane frå Ørsta er eitt av Norges største liveband, og har turnert i heile 20 år. No er dei aktuelle med sin niande plate, «SKRU OPP!!».

– På denne plata er Vassendgutane på ein måte tilbake til røtene, og me trur fansen vil setje pris på den musikalske vegen me har gått, skriv bandet.

Få konsertar på Vestlandet

- Annonse -

Under konserten vil dei presentere eit variert utval frå bandet sin rikhaldige katalog, der dei store hits som «Granada» og «Ungkar med dobbelseng» er sjølvskrivne innslag.

Konserten dei no skal halde er ein av få på Vestlandet. Difor er det truleg at det kjem fans langt utanfor Fitjar sine kommunegrenser.

Etter Fitjar-konserten drar bandet vidare til Bergen, Stryn og Florø. I mai kjem dei tilbake til våre trakter, då dei skal spele konsert på Karmøy.

Sjekk stemninga sist gong Vassendgutane var på Fitjar:

- Annonse -