Vanja Valdal Myrvold. Foto: privat
- Annonse -

Skal produsere to kortfilmar som skal visast på Bergen Kino til våren.

Fyllingsdalen teater i Bergen skal i samarbeid med regissør Vigdis Nielsen arrangere filmworkshopen RØST. Den har som føremål å gi unge filmtalent og skodespelartalent ein plattform for å bli del av den profesjonelle norske filmbransjen.

Ein av dei som skal ha ei nøkkelrolle under årets filmworkshop er stordabu Vanja Valdal Myrvold (20). Ho skal vere produsent på begge kortfilmane som skal spelast inn, og skal under innspelinga ha ansvar for 50 ungdommar mellom 14 og 28 år.

– Å vere produsent på begge filmane har vore både kjekt, læringsrikt og ei oppleving i seg sjølv, seier Myrvold.

Alltid likt skrekkfilmar

Ungdommane skal lage film saman med etablerte filmfolk i Bergen, med støtte frå Vestnorsk filmsenter, Sparebanken Vest og Hordaland fylkeskommune.

Myrvold går andre året på filmlinja på Høgskolen Kristiania i Bergen, og har tidlegare gått medielinja på Stord vidaregåande skule.

- Annonse -

– Eg ønskjer å utdanne meg som produsent, så då blei eg plukka ut som produsent til denne workshopen, fortel ho.

Dei to kortfilmane ho skal produsere er ein skrekkfilm og ein schi-fi-thriller. Og det er ikkje tvil om at hennar tidlegare lærar og filmskapar Severin Eskeland har påverka ho.

– Eg likar best å jobbe med actionfilmar og skrekkfilmar. Eg har alltid likt slike filmar, men Severin var jo filmlæraren min så han har nok også påverka meg.

Vil til England

Og det manglar ikkje på ambisjonar for Stord-jenta.

– Eg har lyst å prøve meg litt i utlandet og prøve å produsere litt større filmar. Eg har ein idé om å studere vidare i England.

– Kva er det som er spennande med å vere filmprodusent?

– Det er dette med å ha meir kontroll over kva som blir gjort, og vere med å påverke både det kreative og utviklinga. Regissør jobbar stort sett berre kreativt, medanprodusenten skal finne meir ut korleis ting skal gjerast. Du finn mellom anna location og tek kontakt med folk.

Dermed kan det hende at Stord får endå eit skrekkfilm-talent.

Frå før har nemnde Severin Eskeland markert seg som regissør av fleire filmar, og stordabu Magnus Martens gjer det for tida stort i USA, der han skal regissere ein episode av zombieserien «Fear the Walking Dead».

Begge filmane skal ha premiere på Bergen Kino til våren.

 

- Annonse -