Foto: Privat.

Trudde du sommaren var på veg for fullt? Då bør du sjekke vêrvarselet.

Meteorologisk Institutt kan melde om varierande vêrprognosar for dei neste ti dagane på Stord. Trass i noko fine dagar framover, er det lite som tyder på at sola vil bli verande.

– Det er ein del ustabilt sommarvêr i vente frå laurdag og ut i neste veke. Det er lågtrykksaktivitet inn frå vest som gir skya vêr og regn i periodar fram til tysdag, melder statsmeteorolog Ida Fossli.

Ifølgje varslarane vil temperaturen liggje på mellom 13 og 16 grader på dagtid.

 

Tilbake til det vanlege

Statsmeteorologen kan melde om noko stigande temperaturar og ein del sol på onsdag. Ho trur ikkje finvêret vil vare på sikt.

– Frå torsdag er det nok tilbake til «det vanlege», med lågtrykk inn frå vest og regn til og frå, og noko lågare temperaturar.

 

Senkande verdiar

Fram til no har middeltemperaturen liggje godt under tidlegare somrar, skal ein tru tal frå Yr.no. Den lågaste middelverdien sidan 2005 låg på 13,3 grader. Så langt ligg snittet på rundt 12,5.

Også maksimumstemperaturen for denne perioden er under det som har vore tidlegare.

Fossli påpeikar likevel at ingenting er fastbestemt.

– Ein fordel med usikre prognosar er at det fort kan endre seg til det betre, seier ho.