I forgrunnen er skisse over korleis Unitech ser for seg at den nye vidaregåande skulen kan bli. I bakgrunnen er R&D-senteret me kontorar, labbar og verkstadhallar.
- Annonse -

Bernt Hellesø og Unitech vil hindre nedlegginga av den vidaregåande skulen på Rubbestadneset ved å sjølv bygge ein ny skule i tilknyting til storsatsinga på Bømlo.

Unitech er no i gang med anleggarbeidet for det store RnD-senteret (research and development) på Rubbestadneset til fleire hundre millionar kroner. Om ikkje planane var spenstige nok frå før, har Unitech-gründer Bernt Hellesøe no lufta ideen om å bygge ein heilt ny vidareåande skule.

Det var førre veke Hellesøe lanserte planane om å bygge ein «development arena» for undervisning i tilknyting til forskingssenteret, og vil med dette forsøke å redde den nedleggingstruga vidaregåande skulen på Rubbestadneset. Det var Bømlo-Nytt som først melde om saka.

Gunnar Birkeland er prosjektleiar for Unitech. Foto: Uni research

– Me ønskjer å løfte yrkesskulen til eit nytt nivå. Dette er jo Norges beste skule med tanke på å få folk gjennom, men så skårar dei litt lågare på å gi elevane gode nok utfordringar. Det ønskjer me å gjere noko med ved då flytte yrkesskulen tettare på industrien, seier prosjektleiar Gunnar Birkedal i Unitech.

Vil bygge og leige ut

Skissene for skulen er allereie klare. Unitech ønskjer at skulen skal bli tett integrert med labbane og verkstadhallane som skal kome i det store forskingssenteret.

– Me vil tilby ein infrastruktur som fylkeskommunen berre vil drøyme å få råd til elles. Så når dette blir tilgjengeleg vil me invitere ungdommen inn for å jobbe med prototypar.

- Annonse -

Det er sett ned ei pilotgruppe sett saman av skulen, næringslivet og fylket for å sjå kva alternativ som finst for den eksisterande skulen. Førebels er skuleplanane så ferske at Unitech førebels ikkje har spelt dei inn overfor fylkeskommunen.

– Me ser føre oss at me står for bygginga av skulen og leige ut arealet som fylket treng for yrkesfagleg utdanning. Me vil bygge rimeleg slik at det bir ei grei husleige. Men når det gjeld all infrastruktur i FOU-senter stiller me den til disposisjon, utan at det skal koste fylket noko. Det ligg jo ein eigen gevinst for oss.

Vil ta vare på kulturen

Han meiner det ville vere eit stort tap for teknologimiljøet ved Rubbestadneset dersom skulen skulle bli nedlagt.

– Me kjem til Rubbestadneset for å etablere oss me eit forskings- og utviklingssenter fordi det er ein kultur her for å lage teknologiske løysingar. Det er folk som er veldig flinke og veit korleis ting fungerer, mellom anna fordi det er ein yrkesfagleg skule her som utdannar ungdom til nettopp dette.

– Dette er ikkje noko me gjer berre for å bevare ein lokalskule. Det er nok av dei kampane i Norge. Men ein del av føresetnadane for å etablere seg på Rubbestadneset er for å ta vare kulturen, og då er skulen utruleg viktig.

Unitech ønskjer å opne Forskings- og utviklingssenteret for elevane frå skulen.

Prosjektleiaren meiner yrkesutdanninga har fått eit ufortent dårleg rykte, og peiker på at det er enklare å få yrkesfagleg utdanna til å bli ingeniørar enn omvendt.

– Eg synest ikkje yrkesskulen har fått den honnør og respekt den fortener. Det er utruleg mange gründerar som kjem frå den bakgrunnen. Politikarane snakkar utelukkande om at fleire må ta master og doktorgrad, men Norges evne til å kome opp me nye tekniske løysingar ligg mykje på dei om tek yrkesfagleg utdanning.

Det var ikkje heilt planlagt at skulesatsinga skulle bli offentleggjort akkurat no. Men i og med at fristen for vidaregåande opplæring nærmar seg fann gründer Bernt Hellesøe ut at det var ein god idé med litt optimisme rundt skulen for å trekkje til seg mange søkjarar.

– Det var ikkje heilt hensikta å gå ut med dette no. Bernt ville berre vise dette til foreldra til elevane. Det kan vere lurt å få litt positive tankar rundt dette med skulen når ein står overfor ein søknadsfrist. Blir det for mykje negativt blir det gjerne færre som søkjer.

Arbeidet i gang

Tidlegare i vinter starta anleggsarbeidet for det store forskingsanlegget og dokken som skal etablerast.

– No er me endeleg i gang. Det er 60.000 kubikkmeter stein så skal sprengast vekk, så det tek litt tid. Me hadde eit mål om å vere ferdig til nyttår, men eg er redd for det blir litt ut i 2019. No no ser me veldig lyst på framdrifta.

- Annonse -