Henrik Engevik Hatlevik er ny leiar i Stord Unge Høgre. Foto: privat
- Annonse -

DEBATT: Ungdom ynskjer ikkje å fronte meiningane sine i frykt for at andre skal tenke på dei som ekstreme, skriv Henrik Engevik Hatlevik i Stord Unge Høgre.

Av: Henrik Engevik Hatlevik
nestleiar, Stord Unge Høgre

Dei siste åra har venstresida med Sosialistisk Ungdom i spissen dominert ungdomspolitikken på Stord. Dette har ført til ei vrangførestilling om korleis ungdomspolitikken eigentleg går føre seg.

I dette legg eg at det å vere politisk aktiv vert sett på som å gjere opprør, skape uro og demonstrere. Dette meiner eg ikkje speglar att korleis ungdomspolitikken går føre seg i det heile, og øydelegg for dei som vil vere med å påverke samfunnet, men som ikkje ynskjer å verte assosiert med sivil ulydigheit og demonstrasjonar med skarpe slagord tatt ut av kontekst.

Tek du ein tur gjennom Leirvik sentrum er det skjeldan du ikkje kjem over ein plakat frå parti på venstresida som frontar eit politisk bodskap på ein subjektiv og einsidig måte. Anten heng plakaten på ein vegg, ein lyktestolpe eller så ligg den rett og slett på bakken og forureinar gatene våre både visuelt, miljømessig og politisk. Dette meiner eg vert heilt feil måte å drive politikk på. Eg ynskjer eit politisk miljø på Stord og i Noreg generelt, der sakar vert debattert på ein sakleg måte der ein får sett fleire sider av same sak og ikkje berre ei einsidig framstilling satt på spissen i venstresidas favør.

Slik ungdomspolitikken har vorte driven i lokalmiljøet til no har ført til at det å vere politisk aktiv vert sett ned på, og ein vert ofte stempla som ein opprørar med alt for sterke meiningar om ein kjem ut som politisk engasjert.

- Annonse -
- Annonse -

Ungdom ynskjer rett og slett ikkje å fronte meiningane sine i frykt for at andre skal tenke på dei som ekstreme. Dette som ei følgje av det politiske biletet som har utspelt seg blant ungdom på Stord der politikk vert forbunde med fakkeltog og demonstrasjonar utanfor rådhuset.

- Annonse -

Eg er med i politikken fordi eg er genuint samfunnsinteressert, og ynskjer å arbeide for å gjere samfunnet rundt oss best mogleg og tilrettelagt for både enkeltpersonar og næringsliv. Samt å skape moglegheiter for alle til å skaffe seg utdanning og ein jobb, uansett bakgrunn og status i samfunnet. For å oppnå akkurat dette meiner eg det må til ein gjensidig debatt mellom dei politiske partia, befolkninga og næringslivet.

Dette oppnår ein ved å drive politikk på ein seriøs og sakleg måte med sak, fakta og gjennomføringskraft i fokus. Ikkje gjennom å klistre lappar på lyktestolpar og bosspann.

Til slutt vil eg seie at ungdomspolitikken er så mykje meir enn slik den framstår her på Stord gjennom demonstrasjonar, plakataksjonar og sivil ulydighet. Ungdomspolitikk er pizzamøter der ein behandlar forslag om korleis ein kan skape eit betre samfunn.

Ungdomspolitikk er lesarbrev og offentlige debattar. Ikkje minst er ungdomspolitikk både spennande og viktig, og noko alle skal kunne ta del i utan å føle seg dømt grunna måten enkelte parti framstiller det å engasjere seg politisk på.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -