Kurt Arne Tyse og Leif Trygve Nilsen ønskjer å bygge strandpromenade rundt Djupavikjo heilt fram til Sponavikjo, samt å legge til rette for stortsilt bustadbygging. Foto: Fronta/privat/Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Dersom investorane Kurt Arne Tyse og Leif Trygve Nilsen får det som dei vil kan du i framtida gå langs sjøkanten frå Leirvik sentrum og heilt til Sponavikjo.

Investorane, som driv Fronta-gruppa og Stord Innkvartering, har gått saman om selskapet Djupavikjo Boliginvest AS, som har som mål å legge til rette for konsentrert sentrumsnær bustadbygging i Djupavikjo.

Dei har sikra seg ein 35 mål stor tomt, der dei ønskjer å bygge bustadar, i hovudsak blokkleilegheiter.

– Veldig spennande prosjekt

– Dette vil bli eit veldig spennande prosjekt. Me ser for oss blokkar og litt forskjellig, og ser for oss at dette blir ei vidareføring av den type bustadar i strandsona som no blir bygd i Teinevikjo. Det vil vere sentrumsnært og sjå flott ut i forhold til innseglinga til Leirvik. fortel Kurt Arne Tyse.

– Kor mange bustadar er det snakk om?

– Nei, det er for tidleg å seie. No har me bedt om eit oppstartsmøte med kommunen så får me ta det vidare derifrå.

- Annonse -

– Med alle leilegheitane som er under bygging i sentrum, er ikkje marknaden snart metta?

– Å nei, nei, nei. Me sel jo som berre det! Med dei tre store prosjekta som er under utbygging i sentrum, Meieriet, Teinevikjo og Hamnetid, har alle passert godt over 50 prosent sal. Det er heilt utruleg, og godt over det me hadde forventa. Dette viser at folk vil til sentrum og ønskjer å bu i leilegheit.

Det er i det grønne området mellom Sponavikjo camping (nedst til høgre) og industriområdet ved Moloen at investorane ønskjer å bygge bustadar.

Strandpromenade

Men investorane ønskjer ikkje berre å bygge bustadar. Dei ser nemleg for seg å vidareføre strandpromenaden frå moloen, heilt ut til den populære badeplassen i Sponavikjo.

– Me vil lage ein strandpromenade slik at folk kan gå frå sentrum heilt ut til Sponavikjo, på utsida av renseanlegget som skal kome, seier Tyse.

Dersom alt går etter planen ser investorane for seg byggestart i løpet av to år.

Området er i dag regulert til bustad, friområde og hamneføremål.

På ferjestø-tomta

Men det er eit potensielt skjer i sjøen som kan setje planane på vent. Området omfattar nemleg eit av alternativa til nytt ferjestø som tidlegare har vore oppe. Sjølv om alternativet ikkje ligg inne i silingsrapporten som har vore laga i vår, kan det likevel bli teke opp igjen av kommunestyret.

Ordførar Gaute Epland (Ap) seier dette potensielt kan by på problem for utbyggarane.

– I silingsrapporten er ikkje Djupavikjo eit av alternativa. Men det er ikkje umogleg at Djupavikjo kjem inn som eit alternativ i den kommunale sakshandsaminga. Viss det skulle kome inn igjen, noko som er heilt uvisst, så kan det vere eit potensielt problem. Men per i dag er ikkje dette eit alternativ, seier Epland.

- Annonse -