Den kommunale delen av bygget på Nattrutekaien hadde ein prisantyding på 4,15 millionar kroner.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Då kommunestyret bestemte å selje den kommunale eigedommen på Nattrutekaien var ingen informerte om at Kurt Arne Tyse og Thore Liverød hadde skaffa seg forkjøpsrett på kjøp av bygget.

Den har i fleire år vore diskutert om Stord kommune skulle kvitte seg med den attraktive eigedomen på kaien i Leirvik sentrum. I april vedtok endeleg eit stort fleirtal av kommunestyret å legge eigedomen ut for sal i den opne marknaden.

No viser det seg at det heile tida berre har vore éin potensiell kjøpar av bygget, nemleg Kurt Arne Tyse og Thore Liverød, som tidlegare i år lanserte planane om å bygge hotell på eigedommen.

Tyse og Liverød kjøpte nemleg ein mindre seksjon av bygget for nokre år sidan av Sigurd André Buchvold i selskapet Buchmon Eiendom AS.

Med kjøp av denne seksjonen følgde det også med ein forkjøpsrett på kjøp av heile bygget. Det konkluderer Harris Advokatfirma AS i eit brev til Stord kommune.

Forkjøpsretten stammar frå 1999, då det vart inngått nye vedtekter for bygget etter at det vart delt opp i to eigarseksjonar av Stord kommune.

Kurt Arne Tyse har saman med Thore Liverød kjøpt bygget gjennom. Foto: Fronta

Kjøpte bygget

- Annonse -

Kurt Arne Tyse stadfestar at dei no har fått kjøpt bygget, etter at bodfristen gjekk ut onsdag.

– Eg har ikkje fått beskjed om å auke bodet, så då går eg ut i frå at me har fått sikra bygget.

Han kjenner ikkje til kjøpesummen, men eigedommen vart lagt ut med ei prisantyding på 4,15 millionar kroner.

Tyse stadfestar at dei har kjent til forkjøpsretten gjennom heile prosessen.

– Jau, det har me. Me kjøpte den første seksjonen med håp om å få tilslag på heile bygget.

Stord24 kjenner til at det er minst éin annan aktør som har vore interessert i å gi bod på bygget, men som lot vere etter at forkjøpsretten vart gjort kjend. Etter ei kunngjering i avisa for nokre år sidan meldte det seg sju interessentar for bygget, men fleire av desse skal ha trekt seg i ettertid.

Bente Bjelland (Ap) er leiar i NMK-komiteen som vedtok salet av bygget.

Vart ikkje informert

Leiaren i komité for næring, miljø og kultur, Bente Bjelland (Ap), reagerer på at dei ikkje fekk informasjon om forkjøpsretten då dei behandla saka.

– Det har eg ikkje høyrt om. Eg meiner bestemt at dette ikkje sto i sakspapira. Då hadde eg i så fall reagert. Slik eg forsto det skulle dette leggast ut for offentleg sal.

Bjelland røysta ja til salet, men ho seier føresetnaden for dette var at det skulle vere eit ope sal.

– Då eg handsama denne saka var det med intensjon om at det skulle leggast ut for kven som helst å by på. Eg har ikkje fått høyre om at det var noko forkjøpsrett med i biletet.

Nils Magne Blålid i SV, representarer det einaste partiet som gjekk i mot sal av bygget. Han var heller ikkje kjend med opplysningane som no kjem fram.

– Det er nytt for meg at det var forkjøpsrett på bygget. Det stadfestar berre vår ståstad, at det hadde vore meir riktig å bruke bygget til offentleg føremål. Men dette burde ha vore med i sakspapira og ein del av vurderinga, seier Blålid.

Kommunalsjef Lovise Vestbøstad. Foto: Stord kommune

Var ikkje kjent for kommunen

Kommunalsjef i Stord kommune, Lovise Vestbøstad, stadfestar at dei ikkje var kjend med opplysningane om forkjøpsretten for heile bygget då saka var oppe til politisk handsaming i vår.

– Dette har ikkje vore kjent for kommunen. Då me først blei gjort merksam på forkjøpsretten jobba me ein del med å finne avtala i arkivet. Me oppfatta då forkjøpsretten til berre å gjelde midtseksjonen, og vurderte det difor som ei opplysning som ikkje var relevant. Men no har me fått ei avklaring på at den gjeld heile bygget, og ikkje berre Nattrutekaien 9.

– Beklagar de at desse opplysningane ikkje var kjend?

– Hadde me vore klare over at forkjøpsretten også gjald for Nattrutekaien 7 og 11, ville me ha opplyst om det. Det hadde nok likevel ikkje endra vår tilråding i saka då det i liten grad har innverknad på dei vurderingane me har gjort i høve om det er føremålstenleg å selje bygget eller ikkje.

– Kunne ikkje kommunen ha fått ein høgare salssum for bygget dersom det ikkje låg føre ein slik forkjøpsrett?

– Det er eit hypotetisk spørsmål. Me får ikkje gjort noko med dette no. Så kan ein jo vurdere om det var klokt å inngå denne avtala i 1999 eller ikkje, seier Vestbøstad.

Samla areal på dagens bygg er 4.565 kvadratmeter. Ein av klausulane for salet er at det framleis skal vere venteareal for snøggrutene i 1. etasje.

- Annonse -