Salt Ship Design er nominert for designet av den innovative fiskebåten Libas.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Salt Ship Design og Sago Solutions i Sagvåg er to av dei tre nominerte til Nor-Fishing sin innovasjonspris for 2018.

I alt kom det i år inn 14 søknadar frå inn- og utland til Innovasjonsprisen. Det er fem fleire enn ved utdelinga i 2016.

Juryen gir uttrykk for at fleire av søknadane viser høg grad av innovasjon – som kan gi ny utvikling i fiskerinæringa, skriv Nor-Shipping i ei pressemelding.

Grøn fiskebåt

Ein av finalistane er dei to bedriftene Liegruppen Fiskeri AS på Straume i Fjell kommune og Salt Ship Design AS på Stord. Dei har saman utvikla eit nytt høgteknologisk, kostnadseffektivt og miljøvennleg fiskefartøy.

Salt Ship Design starta arbeidet med båten Libas for halvtanna år sidan, og presenterte det innovative skipet i februar i år. 

Fiskebåten er utrusta med nyskapande grøn skipsteknologi, og blir verdas første fiskebåt med gass- og batteridrift.

Skal hindre at kvalen forsyner seg av fangsten

- Annonse -

Den andre lokale nominasjonen til prisen er Sago Solutions AS med tilhaldsstad i Sagvåg. Dei er nominerte for å ha utviklaa eit innovativt fangstsikringssystem for linefiske, spesielt til bruk i samband med fiske etter tannfisk i Sørishavet.

Innovasjonen skal hindre at kvalen forsyner seg av fisken på lina når den er på veg til overflata. Dette problemet er i dag så stort at det trugar bærekrafta i deler av bransjen.

Her er problemet med hval som forsyner seg av fisken på lina når den er på veg til overflaten under linehaling så stort at det truer bærekrafta i deler av bransjen.

Sagvågsbedrifta har difor utvikla produktet Sago Extreme, som er ein større aluminiumkonstruksjon som beskytter fisken på lina.

Den siste finalisten, Stø Technology AS, har tilhaldsstad på Hareid på Sunnmøre.

Fiskeriminister Per Sandberg skal dele ut prisen på opningsdagen til messa, i slutten av august.

- Annonse -