Foto: Innlegget til Jens Thoresen er no blitt fjerna.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Jens Thoresen har sletta Facebook-innlegget der han gjekk hardt ut mot arrangementet «Storapride».

Stord24 sin sak om pastor og lærar på Stord ungdomsskule, Jens Thoresen, har fått svært stor merksemd, også nasjonalt.

NRK og VG er blant dei som har skrive om saka der Thoresen i eit innlegg på Facebook gjekk hardt ut mot Pride-arrangementet som skal arrangerast på Stord i helga.

Kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Tysdag kveld fjerna Thoresen innlegget.

Kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt i Stord kommune fortel at ho har hatt ein samtale med læraren etter det omstridte innlegget.

– Me har hatt samtalar med han der innhaldet i Facebook-innlegget blant anna var tema. Han har beklaga måten dette er kome ut på, og seier han ikkje ville lagt ut innlegget viss han hadde visst kva som hadde skjedd. Han beklagar at nokre kan kjenne seg krenka av innlegget, seier Hilt til NRK Hordaland.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kommunalsjefen stadfester at ytringane Thoresen kom med er problematiske for kommunen, som er ein av støttespelarane til Pride-arrangementet.

– Me er opptekne av at Stord-skulen skal vere eit fellesskap der alle kjenner seg inkludert, og der det blant anna er rom for ulike meiningar. Samtidig er det ei utfordring når tilsette uttrykkjer meiningar på ein slik måte som det er gjort i dette Facebook-innlegget, seier Hilt.

– Dette er meiningar som er uttrykt veldig tydeleg at ein lærar, som nokre kan oppleve som krenkande, og som kan bidra til at nokre ikkje kjenner seg inkludert.

Hilt fortel vidare at Facebook-innlegget har blitt teken opp i klassane onsdag, der det har blitt understreka at dette ikkje er skulen sine meiningar.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -