Foto: Wikimedia Commons
- Annonse -

Etter mindre enn eitt år i drift går Stord24 inn i eit spennande 2018 med vidare satsing på nettavisa, ny tilsetjing og overtaking av Fitjarposten.

Av: Jonas Sætre, redaktør i Stord24

Redaktør i Stord24 og Fitjarposten, Jonas Sætre.

Siste dagen av februar 2017 vart den første saka publisert på Stord24.

Når året no går mot slutten kan det vere greit å gjere opp rekneskapen for den ferske nettavisa på Stord.

I løpet av 10 månadar i drift har det blitt publisert over 1000 nyhendesaker og debattinnlegg på Stord24. Me har i skrivande stund 4400 personar som følgjer oss på Facebook. Lesartala våre er stadig veksande, og november var ein førebels rekordmånad med 130.000 sidevisningar og 27.000 unike brukarar.

Dette er svært oppløftande tal for oss, og fortel oss at det liv laga for Stord24.

- Annonse -

No rettar me blikket mot 2018, og alt det spennande som vil møte oss i det nye året.

Allereie ved årskiftet overtek Stord24 drifta av Fitjarposten, noko me ser veldig fram til. Stord og Fitjar er éin felles bu- og arbeidsmarknad, og Fitjar ein viktig lesemarknad for Stord24.

No kan me utnytte synergiane ved eit tett samarbeid mellom Stord24 og Fitjarposten, og vidareutvikle nettavisane om to ulike produkt. Fitjarposten skal framleis vere den lokale nettavisa for fitjarbuen, som er tett på dei kvardagslege hendingane i tillegg til eit visst nyhendefokus.

Stord24 skal halde fram med å vere ein rein nyhendeavis, og vil vere med på å løfte fram dei viktige og interessante sakene frå Fitjar, innan næringsliv, politikk og kultur.

Kjekt er det også å ønskje velkomen til to nye medarbeidarar i Stord24 på nyåret. Me har tilsett Jan Morten Nesse som ny marknadskonsulent, som vil starte hos oss på nyåret. Han kjem frå jobb i lokalavisa Vestavind i Sveio, og vil ha ansvaret med å følgje opp annonsørane våre, hos både Stord24 og Fitjarposten.

Me skal også ha ein praksisstudent i to månadar. Malin Langøy Aarbø studerer bachelor i journalistikk ved Høyskolen Kristiania i Oslo, og skal vere med å følgje nyhendebiletet på Stord dei neste to månadane.

Me ser veldig fram til å ta i mot dei.

Me ønskjer å gi ein stor takk til alle som har lest Stord24 i vårt første leveår – ein stor takk til alle som har tipsa oss om aktuelle saker og som har gitt oss tilbakemeldingar, både ros og ris – og ikkje minst ein stor takk til alle annonsørane våre som gitt Stord24 dei naudsynte inntektene som gjer at me kan overleve i ein pressa mediebransje.

Hugs å ta kontakt med oss dersom du vil annonsere hos oss i 2018. Utan dykk er det ikkje liv laga for Stord24.

Me i Stord24 ønskjer deg eit retteleg godt nyttår!

- Annonse -