Leiar i Stord Sosialistisk Ungdom, Tara Wiers Kvamme (15) meiner Samedagen er eit fint høve til å markere motstasnd mot gruveprosjekt i Repperfjord i Finnmark. Foto: Naturvernforbundet / Stord SU
- Annonse -

At eit norsk regjeringsparti lukkar augo for dei alvorlege såra som kom etter fornorskingsprosessen er bekymringsverdig, skriv Stord SU på Samefolkets dag.

Av: Tara Wiers Kvamme (15)
Leiar i Stord Sosialistisk Ungdom

Den norske stat har, gjennom sin mangeårige fornorskingspolitikk, stor skult i at
viktige deler av samisk kultur har forsvunne. Lenge har staten hindra samar i å utøva
sitt virke, sin kultur og sitt språk. Det var ikkje før i 1967 at undervisning på samisk
vart ein rett i Noreg. I tidsskriftet Gáldu anslår historikar Henry Minde at det vil ta
minst 120 år med dagens løyvingar til Sametinget og samiske føremål før beløpet
speilar pengane som vart nytta til å utslette den samiske kulturen.

Me burde ha vore ferdige med å overkøyre samiske rettar for lengst. Likevel ynskjer
Framstegspartiet å leggja ned Sametinget, som er ei folkevalt forsamling med
oppgåve å verne om samiske interesser.

At eit norsk regjeringsparti lukkar augo for dei alvorlege såra som kom etter
fornorskingsprosessen er bekymringsverdig av fleire grunnar. Me i Sosialistisk
Ungdom meiner det er heilt grunnleggjande at eit folk skal ha råderett over sine eigne
områder.

Like sjokkerande var det då Venstre gjor sitt inntog i regjeringa i januar, og viljug
signerte ei regjeringsplattform som held på planane om å tillate gruvenæringa å
dumpe giftig gruveavfall i Repparfjord i Finnmark.

- Annonse -
- Annonse -

Repparfjord er ein nasjonal laksefjord som i dag er viktig for både fisket og reindrifta. Gruveavfallet inneheld giftige tungmetallar som kobbar, nikkel og krom som kjem til å øydeleggje fjorden.

- Annonse -

Reindrifta står for den mest klimavennlige og mest bærekraftige kjøttproduksjonen
me har, og er viktig for å halde på samisk kultur og god distriktspolitikk. Det er ei
skandale at denne eldgamle næringa må ofrast for eit kortsiktig gruveprosjekt.

Urfolk over heile verda opplev grove inngrep i sin kultur og på sine område. Dette
vart spesielt tydeleg under kampen mot Dakota Access Pipeline for berre eitt år
sidan.

Norske myndigheiter har no sjansen til å vise at me ikkje vil vere med på
trenden. Regjeringa må gjere det einaste rette, og sei nei til giftig gryveavfall i
Repparfjord.

Samefolkets dag 6. februar er ein glimrande dag til å starte!

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -