Skodespelar Synnøve Macody Lund skal spele i den nye storfilmen om Lisbeth Salander. Foto: Wikipedia (CC-lisens)
- Annonse -

Stordabuen skal ha ei sentral rolle som Säpo-sjefen som freistar å kontrollere Lisbeth Salander i Hollywood-produksjonen The Girl in the Spider’s Web. No vurderer ho å få seg ein agent i Los Angeles.

I vår kom nyhenda om at Stord-skodespelar Synnøve Macody Lund (42) får ei av rollene i den nye spenningsfilmen om Lisbeth Salander, som har fått tittelen The Girl in the Spider’s Web.

Då var det lite ho kunne seie offentleg om rolla. Men no er innspelinga ferdig, og den første traileren av filmen sloppe. Macody Lund kan dermed lette på sløret.

– Eg har ikkje nett hovudrolla, men eg har ein av dei sentrale rollene i filmen, fortel ho til Stord24.

Skal motarbeide Lisbeth Salander

Skodespelaren frå Stord skal nemleg spele rolla som Gabriella Grane, som er «deputy director», eller visedirektør, i svenske Säkerhetspolisen, som svarar til PST i Norge.

Dette bir ein sentral rolle i filmen, der ho i starten fungerer som Lisbeth Salander sin nemesis, og ein som stiller spørsmål ved hennar tvilsame metodar.

- Annonse -

– Karakteren jobbar i mot Lisbeth Salander, i og med at ho representerer kaos i filmen. Gabrielle Grane likar meir orden i rekkjene, og ho er avhengig av å gjere ting heilt etter boka, for å ikkje hamne i diplomatiske kriser.

Kliner til i traileren

I traileren som nettopp er sloppe er det lite me ser av Macody Lund, med unntak av ei scene der ho kliner med ei av dei andre rollefigurane.

Sjå traileren til filmen her:

Historia om korleis Macody Lund hamna i ein stortstilt Hollywood-produksjon starta med at ho først var på casting for ei mindre rolle til den same filmen.

– Eg fekk ikkje rolla. Men så blei eg oppringt på rolla som Grane, gjorde ein «selftape», og fekk den. Veldig gøy, sidan dette var ei mykje større rolle.

Det som gjer dette ekstra spesielt er at Macody Lund for tida speler inn ein ny spionserie for Canal Pluss, Illegals, med opptak i Istanbul, Paris og Stockholm. Her speler ho også ei sjefsrolle i svenske Säpo.

– Det er jo heilt absurd. No har eg spelt sjefen for Säpo i eitt år! Det er sjølvsagt heilt tilfeldig. Sjølv om eg ikkje håper dette vert ein vedvarande rolletype, må eg innrømme at det er kjekkare å spele tøffe damer enn dei som berre er med for romantikken si skuld.

Høgdepunkt i karriera

Ho legg ikkje skjul på at det er stort å få vere med på ein skikkeleg Hollywood-produksjon, men også krevjande. Det er ikkje uvanleg å bruke 6-7 timar på å spele inn ei enkelt scene, fortel ho.

– Det er jo absolutt eit høgdepunkt i skodespelarkarrierera mi. Det er eit veldig riktig tidspunkt å gjere noko slik for meg, og heilt fantastisk å vere med på.

Spesielt kjekt for Macody Lund har det vore å jobbe saman med den britiske komikaren Stephen Merchant, som har skapt TV-suksessane The Office og Extras i lag med Ricky Gervais.

– Det har vore utruleg gøy å vere på settet saman med dette fantastiske ensemblet av skodespelarar og andre. Eg har kome veldig godt overeins med dei alle. Det å plutseleg sitje og le seg i hel saman med Stephen Merchant, som er eit av mine største komiske idol, gjer ein glad. Det er klart det.

Det einaste glimtet me får sjå av Synnøve Macody Lund i den ferske traileren er frå ei scene der ho kliner med ein anna rollefigur.

Frå fiskekaker til Los Angeles

Sjølv om Macody Lund no er svolten på nye Hollywood-utfordringar etter denne filmen, er det også viktig for ho å ta vare på familielivet heime i Oslo.

– Eg har vore litt skeptisk til slike jobbar og følte meg eigentleg for gammal for dette. Eigentleg ville dei ha meg i Berlin i tre månadar under innspelinga, men det kunne eg ikkje. Eg må jo heim og lage fiskekakar innimellom, smiler ho.

– Men du er førebudd på at det kan kome fleire freistande tilbod frå Hollywood etter dette?

– Å satse på ein Hollywood-karriere kjem eg nok ikkje til å gjere, men det er klart at døra har opna seg for meg på ein heilt annan måte.

– Me diskuterer jo no om eg eventuelt skal få meg ein agent i Los Angeles, seier filmstjerna frå Stord.

The Girl in the Spider’s Web har fått Norgespremiere 26. oktober.

- Annonse -