Lærar på Stord ungdomsskule og lokalpolitikar for Ap, Susan Hassan, er plukka ut i juryen som skal finne fram til Vestlandet sitt nye fylkesvåpen. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar har fått inn heile 667 forslag til nytt fylkesvåpen for det nye Vestlandet fylke. Susan Abdallah frå Stord er blant dei som skal velje ut dei beste.

Læraren og Ap-politikaren frå Stord har fått ei oppgåve litt utanom det vanlege. Ho er nemleg plukka ut i juryen som skal sile ut dei ti beste av dei 667 forslaga som innbyggjarane har spelt inn dei siste månadane.

– Det er veldig kjekt å få vere med å bestemme, for dette er ei viktig sak for mange. Eg gler meg til å bidra og å gå gjennom alle forslaga, seier Susan Abdallah.

– Kva slags motiv meiner du er viktig å ha med i det nye fylkesvåpenet?

– Eg har budd 10 år i Norge no, og eg ser kor viktig naturen er folk folk som bur her på Vestlandet. Fjell, friluftsliv og det å ta vare på naturen bør syne igjen. Samtidig må det vere noko nytt som kan representere både Hordaland og Sogn og Fjordane.

Susan Abdallah fortel at ho er det einaste med innvandrarbakgrunn som er med i juryen, og fortel at alt ho trengte å gjere var å sende ein epost om at ho ville vere med. Ho meiner dette er eit døme på kor lett det eigentleg kan vere for innvandrarar å bidra i samfunnet, dersom dei sjølv vil.

- Annonse -

– Det er mange som trur at det er vanskeleg å engasjere seg i det norske samfunnet. Men dei prøvar ikkje. Dette viser at det er veldig enkelt. Det er berre å engasjere seg. Det synest eg mange andre innvandrar burde gjere.

– Ein kan ikkje berre stå der og vente på at døra skal opne seg av seg sjølv. Ein må faktisk gjere noko for å seg inn og påverka det som skjer i samfunnet, seier Abdallah.

18. august skal folkejuryen velje ut ti forslag som skal gå vidare. Ein fagjury vil også velge ut sine ti favorittar. Frå 22. august kan folk i fylka røyste fram ein av desse 20 som blir folkefavoritten.

Vinnaren får ein premie på 25 000 kroner, og dei 19 andre finalebidraga får 2000 kroner kvar.

Her kan du sjå alle dei 667 forslaga som er kome inn.

- Annonse -