Emil Tranøy Aasheim i Sunnhordland FpU og Anna Sofie Ekeland Valvatne i Stord Sosialistisk Ungdom. Foto: privat
- Annonse -

LESABREV: Måndag hadde Stord Sosialistisk Ungdom og Sunnhordland FpU møte saman med Støttekomiteen for Vest-Sahara. Me vonar dei andre ungdomspartia på Stord tek opp kampen for Vest-Sahara dei óg.

Av: Anna Sofie Ekeland Valvatne, Stord Sosialistisk Ungdom
og Emil Tranøy Aasheim, Sunnhordland FpU

Vest-Sahara er den siste kolonien i verda.

Bak minelagde murar i Vest-Sahara bur saharawiane, trøysteslause i flyktningleirar i ørkenen i Algerie.

At det i 2018 enno finst ein koloni som vert nekta moglegheita til sjølvstende, med ein folkesetnad som får menneskerettane sine krenkt kvar einaste dag, er heilt uakseptabelt. Det er på tide at verdssamfunnet reagerer på denne uretten og legg press på Marokko sin ulovlege okkupasjonen av landet.

Saharawiane vert trakassert, torturert, valdteke og drepe – utan at det får nokon konsekvensar. FN har hatt ein operasjon aktiv i landa sidan folket i Vest-Sahara vart lovd ei folkerøysting som skulle finna stad i 1992.

- Annonse -
- Annonse -

Ikkje berre er det uhørt at FN har vore ein aktiv part i konflikta i over 15 år, men det er vanvittig at mandatet ikkje tillèt dei å rapportera om dei valdsame menneskerettsbrota som finn stad kvar einaste dag. Dette forbodet kom som ein konsekvens av Frankrike sin plass i Sikkerhetsrådet og interessene deira knytt opp mot Marokko. Ikkje berre er dette udemokratisk og inhumant, men det er systematisk maktmisbruk frå eit av dei mektigaste landa i verda utelukkande grunna eigne interesser.

- Annonse -
Demostrasjon for Vest-Sahara i Spania. Foto: Wikipedia

Ikkje nok med at marokkanske styresmakter legg lokk på organisasjons- og ytringsfridomen til saharawiane, dei kontrollerer òg den økonomiske aktiviteten i Vest-Sahara. Dei gjev svært lite av inntektene som kjem inn til den saharawiske folkesetnaden, medan dei finansierer okkupasjonsmakta sine skatteletter og subsidiar til eigne innbyggjarar som slår seg ned i Vest-Sahara for å utnytta rikdomane i landet. Fleire utanlandske selskap har delteke i denne utbyttinga, der norske selskap ikkje er noko unntak.

Heldigvis har den norske regjeringa rådd norske selskap frå å driva verksemd i Vest-Sahara, som einaste landa i verda. Det er viktig at vi held fram i denne retninga både gjennom det private næringslivet, og i det offentlege.

Til trass for at medvitet kring konflikta aukar, spesielt i Skandinavia, er den saharawiske folkesetnaden langt frå sjølvstende og sjølvstyre.

Difor støttar me i Stord Sosialistisk Ungdom og Sunnhordland FpU saharawianes rett til ei folkerøysting. Me krev at saharawiane sine representantar skal inkluderast i alle internasjonale forum der Vest-Sahara sitt territorium skal handsamast, og at ein må tilretteleggja for at dei kan driva med  sitt diplomatiske arbeid.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -