Arne Tjelmeland flyttar antirustverksemda til Stord. Foto: FP-arkiv/KR.
- Annonse -

Sunnhordland Antirust og Fluidfilm har blitt ein suksess på Fitjar, men over nyttår flyttar verksemda inn i nytt lokale på Heiane.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Frå oppstart har kundemassen jamt og trutt blitt større. Etter kvart har det blitt behov for å utvida. Ei utviding er kapitalkrevjande og inneber risiko. Derfor ønskjer Arne Tjelmeland samarbeidspartnarar for å vidareutvikla butikken han har bygt opp.

Tjelmeland har likt seg godt i Fitjar, og i lokalet bak bensinstasjon Uno-X og bilverkstaden til Carfix. Men det har blitt for mykje å gjera, og han minner om at han no kjem nærmare kundane, som blant anna kjem frå Stord, Sveio og Kvinnherad.

– Om lag 80 % av kundane vil få kortare veg, seier han.

Stord Dekkservice AS har i lengre tid vore på utkikk etter eit liknande konsept utan å finna den rette samarbeidspartnaren. I dag har derfor partane inngått ein avtale om at Stord Dekkservice kjøper aksjane i Sunnhordland Antirust AS av Arne Tjelmeland og Målfrid Hallaråker.

- Annonse -
- Annonse -

På litt sikt vil verksemda flytta inn i nye lokale på Heiane. Arne Tjelmeland vil halda fram som dagleg leiar i selskapet, som no er i ferd med å tilsetja fleire. Målet er å bli leiande på Antirust i Sunnhordland.

- Annonse -

– For Stord Dekkservice AS er oppkjøpet ei strategisk viktig beslutning, heiter det i ei melding frå selskapet.

Dagleg leiar i Stord Dekkservice AS, John William Gundersen, understrekar at Arne Tjelmeland er ein dyktig mann som er kjend for å levera høg kvalitet. Og produktet Fluidfilm og tenstene som Sunnhordland Antirust og Stord Dekkservice leverer, utfyller kvarandre godt.

Bygginga av nye lokale på Heiane er allereie godt i gang. Dagleg leiar John William Gundersen fortel at dei byggjer nytt dekkhotell, slik at dei doblar kapasiteten frå 2500 til 5000 hjul. Samstundes byggjer dei nytt lokale til antirustverksemda. Her vil det òg vera høve til å ta inn bubilar, og å gjera heile jobben innandørs.

– Håpet er å vera i gang i nye lokale 1. februar neste år, seier John William Gundersen til slutt.

Arne Tjelmeland ved oppstarten i Fitjar i 2016. Foto: FP-arkiv/KR.
- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -