- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Sjukehuset på Stord har hatt ei stor utfordring når det gjeld fristbrot innan fleire medisinske område i 2017.

Det er eit nasjonalt krav om at det ikkje skal vere meir enn 60 dagars ventetid for behandling ved sjukehusa. Dette klarte Stord sjukehus akkurat å halde seg innanfor i fjor.

Verre er det når det gjeld frist for tilvisingar for pasientane, som er basert på ulike faglege standardar. Her hadde  Stord sjukehus kraftige problem med å nå fristane i fjoråret.

– Fristbrota har fordelt seg både på medisinske og kirurgiske fag. Dei medisinske faga som har vore mest krevjande er lunge, mage og tarm, og urologi innan dei kirurgisk faga. Når det er sagt har me hatt ei veldig god utvikling gjennom heile året, og ser gode resultat av tiltaka me har intensivert gjennom året, fortel klinikkdirektør Anne Karin Fossdal.

Klinikkdirektør Anne Karin Fossdal ved Stord sjukehus seier dei gjer alt dei kan for å få ned fristbrota. Foto: Helse Fonna

– Må gå i oss sjølv

Årsaka til den lange ventetida er samensett, mellom anna er det vanskar med å rekruttere vikarar for spesialistar.

Fossdal fortel at fristbrotet har ført til reaksjonar frå pasientane som må vente for lenge på å kome til.

- Annonse -

– Frå pasienten si side så er det klart at det blir sådd ei forventning, og dei etterspør når me ikkje innfrir. Det er også årsaka til at me gjer absolutt alt me kan for å halde desse fristane. Når me ikkje klarar det må me gå i oss sjølv for å sjå på kva me kan gjere betre for å nå fristane.

– Kva har de gjort for å få ned ventetida?

– Me har sett både på logistikk og planlegging i heile pasientforløpet. Så er det til sjuande og sist snakk om ressursar, og det er ein kontinuerleg jobb å sikre at me brukar ressursane på rett plass.

Gode tal for kreftpasientar

Samtidig framhevar klinikkdirektøren at dei har gode tal for dette som går på pakkeforløp for kreft, som skal sikre at kreftpasientar får tryggleik og forutsigbarheit i behandlinga.

– Me har gode tal på dette som går på pakkeforløp for deis om har mistanke om kreftsjukdom. Dei har me eit sterkt fokus på, og her ser me at me har god måloppnåing.

Stord sjukehus var i fjor aller verst i landet når det gjeld korridorpasientar. Dette har betra seg veldig i løpet av fjoråret.

– Her har me blitt tvungne til å sjå kvar me kan forbetre slik at me unngår at det hopar seg opp, til dømes om det er nokre pasientar som kan behandlast på dagtid i staden for å få bli innlagt. Så har me fått veldig god hjelp av KAD-sengene som har opna i tilknyting til det nye legevaktbygget. Me har også gjort tiltak når det gjeld generelt; både internt på Stord sjukehus, mellom sjukehusa i Helse Fonna og med kommunane som me samhandlar med.

- Annonse -