- Annonse -

Ein 28 år gammal mann frå Stord kom med alvorlege trugslar mot ein politistudent på veg til arresten i Haugesund.

Det var ein laurdagsnatt i april i 2017 at 28-åringen vart overstadig berusa etter ein bytur på Leirvik. Ein dørvakt ved utestaden Sjøhuset måtte be politiet om assistanse for å få han fjerna frå staden.

Politiet opplevde at han ikkje var til å snakke til, og blei ført ut av utestaden i handjern og satt i politibil med destinasjon arresten i Haugesund.

Truga med å «knekke nakken»

I løpet av denne køyreturen kom han med ei rekkje ufine kommentarar mot politiet. Ved eitt høve forsøkte 28-åringen å skalle til ein politistudent, og sa at han skulle «knekke nakken» hans.

Tiltalte erkjente straffskuld for forholdet, men sa i retten at han ikkje hugsar noko av det som skjedde.

28-åringen har blitt straffedømt ein gong tidlegare, og har fått fem forelegg frå politiet.

- Annonse -

Alvorlege trugslar

- Annonse -
- Annonse -

Sunnhordland tingrett ser alvorleg på trugslane.

– Etter retten si meining må trugslane mot politistudenten karakteriserast som alvorleg. Det vert vist til sjølve ordbruken og til at tiltalte gjorde ein fysisk tilnærming mot politistudenten omtrent samtidig som han kom med trugselen, skriv retten.

Forsvararen til stordabuen ba om ein fengselsstraff på vilkår, med bakgrunn i at trugselen var eit resultat av for mykje alkohol, samt at 28-åringen kan miste jobben sin ved soning.

Men retten meiner det ikkje føreligg nokre formildande faktorar i saka. Han blir dermed dømt til 21 dagars fengselsstraff. To dagar varetektsfengsling kjem i frådrag.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -