Madli Grov frå Stord hamna midt i det store skjelvet på øya Lombok i Indonesia søndag kveld. Foto: Wikipedia/privat
- Annonse -

Madli Grov frå Stord kom frå jordskjelvet i Indonesia med skrekken. Søndagens skjelv har så langt har krevd 347 menneskeliv.

Det var berre fire dagar sidan Madli Grov hadde kome fram til den indonesiske øya Lombok. Her skulle ho nyte rolige feriedagar i fleire veker.

Men slik gjekk det ikkje. Ferieidyllen snudde brått, då ho hamna midt i jordskjelvet som så langt har teke livet av 347 personar og har ført til at fleire titals tusen er blitt heimlause på den indonesiske øya.

– No vil eg verkeleg berre heim, seier Madli på telefon med Stord24 frå flyplassen i den indonesiske hovudstaden Jakarta.

Tusenvis av turistar samla seg ved hamna på øya for å kome seg vekk. Madli Grov haldt seg langt unna dei dramatiske scenane som utspelte seg. Foto: Wikipedia

Herfrå skal ho endeleg ta fly heim til Norge, etter å ha venta fire dagar på å kome seg vekk frå katastrofeområdet på Lombok, med mange etterskjelv.

– Skjønte ingenting

Madli Grov hadde berre vore på øya nokre dagar før jordskjelvet inntraff.

- Annonse -

– Eg var der for å besøke ein kamerat som hadde flytta ned dit i mars. Rett før jordskjelvet skjedde var me akkurat på veg til nokre vener av han og fekk akkurat sagt hei før det smalt. Då skjønte eg ingenting av kva som skjedde. Me begynte berre å ropa, lyset gjekk og eg blei skubba ut av huset. Me hamna i ein bakhage der det raste rundt oss.

Ho fortel at det er vanskeleg å skildre kreftane som var i sving i eit så stort skjelv, som var målt til 7 på skalaen.

– Me høyrte jo heile jorda rista. Eg har aldri opplevd eit slik bråk før. Det var eit heilt vanvettig bråk. Me såg jo ingenting sidan lyset og straumen på øya gjekk med ein gong.

Etter kvart kom dei seg ut i gata. Vennane dei skulle besøke hadde ein baby på halvanna år, som alle fokuserte på å beskytte.

– Me sto rundt den vesle guten i ein ring og berre haldt rundt han, fortel ho.

Madli Grov sine eigne bilete viser kreftene som var i sving. Foto: privat

Drog til fjellet grunna tsunamifrykt

Det tok ikkje lange tid før dei bestemte seg for å springe oppover mot fjellet på øya. Tankane gjekk nemleg rett tilbake til tsunamikatastrofen i 2004, som var utløyst av eit liknande jordskjelv.

– Me la på sprang oppover fjellet. Det var heilt mørkt, og folk satt på vegen og bad og song. Me fekk ingen informasjon anna enn frå kvarandre. Etter eit stykke kom det mange, mange folk som ropte tsunami. Då var det berre å halde fram vidare oppover.

LITE SØVN: – Ser jo idyllisk ut å sove her, men det rista litt for mykje til det, fortel Madli Grov om staden ho tilbrakte to netter etter skjelvet. Foto: privat

Etter to timar vart tsunamivarselet over, då klokka var nærare 23 på kvelden. Men Madli og venene hadde ingen stad å gå. Det var umogleg å finne heim til hotellet i bekmørket, og huset til venene var for utrygt å opphalde seg i.

– Me bestemte oss då for å bli verande på fjellet. Me var der heilt til klokka halv 5 om morgonen. Då sprang nokon ned og henta vatn og nokre laken. Men me kjente oss trygge der oppe, for me visste at ein tsunami ikkje ville nå oss, seier stordabuen.

Det var først då ho kom ned igjen at ho såg dei store øydeleggingane som skjelvet hadde forårsaka. Etter kvart var dei heldige og fekk høve til å opphalde seg i hagen i eit hotell, der dei mellom anna tilgang til reint vatn og straum frå ein generator.

Dramatiske scener i hamna

Like i nærleiken, i hamna på øya, var det dramatiske scenar som utspelte seg. Grov forsto fort at der måtte ho berre halde seg vekke til situasjonen roa seg.

– Det var verkeleg ille nede i hamna. Dei skadde og døde blei først sendt med båtane, så fekk dei lokale kome med, og til slutt turistane. Turistane blei rett og slett sparka av båtane og folk slåss for å kome seg fortast mogleg med.

– Sist eg hadde ein dusj var på det badet der, på søndag før skjelvet, fortel Madli, som har måtta nøgd seg med å vaske seg i badebasseng sidan skjelvet. Foto: privat

Madli Grov fekk først høve til å reise vekk frå øya tysdag, to dagar etter skjelvet.

– Me blei heile tida oppdatert om kva tid det gjekk båtar. Me var dei siste som kom vekk frå øya, grunna alt kaoset med båtane. Heldigvis hadde me det fredeleg i hotellhagen.

Fekk tak i ris og champagne

Gleda var stor over å ha klart seg 24 timar etter skjelvet. Det vart feira med kokt ris og champagne på hotellet. Foto: privat

Etter at det hadde gått 24 timar kunne dei pusta lettare ut. Det var umogleg å få tak i daglegvarer, sidan butikkane enten var stengt eller plyndra. Men på hotellet fekk dei tak i ris – og ei flaske champagne.

– Me fikk ris til middag på måndagen og champagne, då me fann tre glas som ikkje var knuste. Her deira me at det var gått 24 timar sidan skjelevet. Så eg har altså hatt det bra materielt sett. Men det er sjølvsagt verst med øyane som er øydelagde og alle liva som har gått tapt.

– Korleis har det vore å oppleve noko slikt?

– Eg følte eg var i livsvaret då det første skjelvet skjedde, men så tenkte eg at det hadde gått bra heilt til dei ropte «tsunami». Då tok det ikkje lang tid før eg såg for meg alle bileta frå Thailand i 2004. Gatene var jo fulle av folk som skreik, så då var eg redd.

Var ikkje førebudd

Ho fortel at ho kjende seg trygg på toppen av fjellet, men at det var veldig ubehageleg å vere på øya under dei mange etterskjelva.

– Eg var heile tida redd for å få noko i hovudet eller eit nytt skjelv som kunne gjer at hus datt ned. Difor haldt eg meg utandørs så mykje eg kunne.

Ho fortel at øyane ikkje var førebudd på ein slik naturkatastrofe, sjølv ikkje etter tsunamien i 2004. Men fastslår at det kunne gått mykje verre.

– Mangel på informasjon og rykte gjorde situasjonen mykje verre. Desse øyane var ikkje førebudd på noko slikt. Men det er flaks at det har vore så dårleg vêr at det var minimalt med turistar då jordskjelvet skjedde.

- Annonse -