Andy Livingston (45) har mål om å kome blant dei 20 beste til neste år, og slik kvalifisere seg til VM i Crossfit i USA. foto: privat

Andy Livingston frå Stord kom på 86. plass i ein konkurranse med heile 13.000 crossfit-utøvarar frå heile verda.

Kvart år er det fleire konkurransar som til slutt gir kvalifisering til Crossfit Games i USA. Konkurransane går over fem helger på rad, der ein registrerer seg på nettet for å vere med.

Andy Livingston (44) frå Stord har i år klart å kome heilt til den siste runden. Av 13.000 Crossfit-utøvarar i heile verda frå hans aldersklasse så kom Livingston på 86. plass.

– Veldig happy

– Eg hadde ikkje forventa å kome så høgt i år, og er veldig happy med innsatsen min. Det er ikkje så mykje om å gjere å kome blant dei topp 20 då, men du må vere veldig god på alle øvingar og prestere godt, seier briten som er tilflyttar til Stord.

86. plassen på verdsbasis betyr at han var den beste i Norge, og tredje plass i Europa. Noko av grunnen til den gode plasseringa i år er at han no er inne i ein ny aldersklasse, for dei mellom 45 og 50 år.

– Målet mitt er å nå topp 20 i verda. Eg er så nærme no, seier Livingston som er fast bestemt på å nå Crossfit games i USA.

Vann NM

Det er ikkje første gong at briten hevdar seg i crossfit-greinen. I fjor kom han på ein tredjeplass NM i crossfit. No har 44-åringen, som til dagleg jobbar på Stordbase, kontakta olympisk løfting-miljøet i Haugesund for den vidare satsinga.

– Det spørs kor mykje jobb eg har utanom, men eg trener fem dagar i veka og iallfall to timar dagen. Men før konkurransen trente eg sju dagar i veka.

Konkurransen skjer via filming og dømming av ein sertifisert Crossfit-dommar. For å hindre juksing hender det at ein må sende inn filmane til USA for godkjenning.

Stor vekst

Crossfit byggjer på treningsformer som fremjar styrke, spenst og kondisjon. Øvingar er henta mellom anna frå vektløfting, styrkeløft og turn. I konkurranse skal eit gitt program gjennomførast med høg intensitet.

Idrettsgreina, som starta i USA på 1980-talet, har auke voldsomt i omfang dei siste åra og har i dag rundt 300.000 aktive utøvarar.