Frå venstre, redaktør i Stord24, Jonas Sætre, avtroppande redaktør i Fitjarposten, Håkon C. Hartvedt, styreleiar i Stord24, Jostein Sydnes og journalist i Fitjarposten Kjetil Rydland.
- Annonse -

PRESSEMELDING: Etter 12 år som redaktør trappar redaktør Håkon C. Hartvedt ned, og overlet drifta av Fitjarposten til Stord24.

– Me er svært glade for å få sjansen til å vidareutvikle Fitjarposten og ser fram til å satse redaksjonelt på Fitjar. Me har tru på at eit samarbeid mellom Stord24 og Fitjarposten vil gi gode synergieffekter, seier redaktør i Stord24, Jonas Sætre.

Overtakinga vil skje frå nyåret. Sjølv om Hartvedt trappar ned vil han framleis vere med i ein overgangsfase.

– Eg kjenner på at eg er svært glad for at me har fått til denne avtalen med Stord24. Dei har frå første stund vore svært positive i samtalene med Fitjarposten, og underteikna er svært glad for å få kunne leggja ifrå meg ansvaret for drifta av Fitjarposten. Slik min private situasjon er blitt, er det og heilt nødvendig, seier redaktør Håkon C. Hartvedt i Fitjarposten i ein kommentar.

– Samstundes er eg svært glad for at Fitjarposten vil leve vidare som før. Sjølv skal eg framleis jobba ei tid med sal og ser fram til eit fortsett samarbeid med annonsørane våre. Eg vil og gje uttrykk for at eg er glad for at Stord24 tek Kjetil Rydland med vidare som journalist, og vil nytta høvet til å takke alle dei positive frilansarane våre  som har gjort sitt til at Fitjarposten har fått vore med på å skapa fitjaridentitet, seier Hartvedt.

Lever vidare som før

- Annonse -

Stord24-redaktør Jonas Sætre er og tydeleg på at Fitjarposten skal leve vidare som før, og trur lesarane berre skal merke positive endringar.

– Fitjarposten skal vere den friske og positive avisa som den alltid har vore. Samstundes vil me kunne satse endå meir på å utvikle det redaksjonelle produktet ved å dele på ressursar mellom Stord24 og Fitjarposten.

Etter knappe ni månadar i drift har Stord24 fått ein stor lesarskare og har fått mange lesarar også utanfor Stord kommune. Med eit tett samarbeid mellom Fitjarposten og Stord får annonsørane også tilgang til eit breiare publikum.

– Saman vil me nå ut til svært mange innbyggjarar på heile Stord-øya. Me vonar det vil vere positivt for næringslivet på øya at annonsemarknaden blir meir samkøyrt.

- Annonse -