Styremedlem Kåre Bjørn Petterson og styreleiar/dagleg leiar Anja Kannelønning i Stord Taxi framføre ein av dei 15 drosjene dei rår over. Foto: Stord Taxi
- Annonse -

Sidan påsken har Stord Taxi fått heile sju nye drosjer til sentralen på Nattrutekaien.

Fire av dei nye bilane er eksisterande drosjer som har meldt overgang frå Leirvik Taxi.

– Med dette har Stord Taxi vorte den klart største taxisentralen i Stord, med 15 drosjer av ulik storleik mot Leirvik Taxi sine fem drosjer, opplyser dagleg leiar Anja Kannelønning.

Blitt del av stor kjede

Taxiselskapet har også gått gjennom store endringar den siste tida. Dei har gått inn i ein større kjede beståande av fleire taxisentralar i landet, og har byta namn til «07000 Stord Taxi».

– Det er no nærare 800 taxiar med i 07000-konseptet, og i løpet av rimeleg kort tid vil dette auka monaleg. Me har tilgang til det mest avanserte innan databasert flåtestyring av taxi­ane våre, seier Kannelønning.

Også taxisentralen i Nordheimsund vil inngå i 07000-samarbeidet, som blir styrt av Bergen Taxi. Frå før er også Osterøy Taxi, Agder Taxi, Mandal Taxi og Vennesla Taxi del av samarbeidet.

Slik ser dei nye bilane ut. Foto: Stord Taxi

– Me er på offensiven

- Annonse -
- Annonse -

Kannelønning opplyser at endringane ikkje vil ha noko praktisk betydning for kundane, utover at uniformane og bilane har fått ny profilering.

– Bilane våre synet mykje betre att i trafikkbiletet enn tidlegare. Men sjølv om uniformene er nye og bilane har vorte «nye», er sjåførane dei same.

Kannelønning peikar på at det er venta større frislepp når det gjeld taxinæringa i Norge, og at dei riggar seg til å vere ein solid aktør også i framtida.

- Annonse -

– Me er på offensiven. Me har ambisjonar om å vere på vinnarlaget når det no kan hende at dei sentrale politikarane vedtek frislepp i taximarknaden. Det vert truleg store endringar i bransjen i tida som kjem, og dei som er mest profesjonelle er nok dei som vil overleve.

I desse dagar er sentralen på flyttefot. Det skal som kjend byggast parkeringsgarasje i dagens lokale på Nattrutekaien, og det har vore snakka om flytting av sentralen til den gamle bussterminalen ved Grand Hotel. Slik vert det ikkje. Sentralen flyttar rett over gata, til 2. etasje i hamnebygget der Sunnhordland trafikkopplæring tidlegare haldt til.

Fryktar ikkje konkurransen

Dagleg leiar i Leirvik Taxi som har sentral i Osen i Leirvik, Ramzi Nabel Helail, seier at han ikkje fryktar auka konkurranse frå Stord Taxi.

– Dette betyr ingenting for oss. Sjåførar kan sjølv bestemme kor dei skal jobbe. Nokre likar systemet til Bergen Taxi, men andre føretrekk den gamle måten me driv med eit lokalt nummer.

Helail opplyser at Leirvik Taxi består av 11 sjåførar fordelt på fem bilar.

– Me har våre kundar og er ikkje redd for konkurranse. Stord er jo ikkje så stor stad, men me har ein del faste kundar som me har eit godt samarbeid med. Viss ikkje det hadde vore marknad for konkurranse hadde me slutta for lenge sidan.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -