Stord Sosialistiske Ungdom har markert seg med mange aksjonar i bybiletet dei siste åra. Foto: Stord SU
- Annonse -

DEBATT: – Grunnen til at ungdom vegrar seg frå å delta i politikken er hets frå vaksne i kommentarfelta, skriv Emma Pedersen i Stord SU.

Av: Emma Pedersen,
Stord Sosialistisk Ungdom

Ungdomspolitikk er lesarbrev og diskusjonar. Det er for oss som er samfunnsinteresserte og for oss som har ei hjartesak som me kjempar for. Ungdomspolitikken er for alle. Både for oss som vel å demonstrera og for dei som heller vil ha pizzamøte. Det er bra å driva med politikk på ulike måtar. Det gjer at alle kan finna ein måte dei kjenne seg att i.

Demonstasjonar har gjennom tidene vore ein stor og effektiv måte å framme meiningar på – og det er ikkje noko negativt! Røysteretten til kvinner vart ikkje nådd gjennom debattar og lesarbrev. Det vart heller ikkje retten til sjølvvald abort.

Stord Sosialstisk Ungdom har arrangert fleire demonstarsjonar i kommunen. Nokon av dei spreidde seg nasjonalt. Det var Anna Sofie Valvatne Ekeland som laga fråværsgrensestreiken, som vart ein av dei største elevaksjonane i norsk historie, og som engasjerte fleire tusen elevar. Stord SU arrangerte òg Storapride – som samla fleire tusen personar på Leirvik i støtte for LHBT+ personar.

Bannerdrop, klistremerkeaksjonar og plakataksjonar er noko me i Stord SU nyttar fordi det er lett å få merksemd rundt saka me aksjonerer for, og fordi det er ein form for politikk det er låg terskel for å verta med på. Det er ikkje berre SU og venstresida som tenkjer at det å nytta klistremerker og plakatar er ein god ide. Kripos, til dømes, har nytta dette i samband med kampanjen deira ”Kjernekar”.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Eg trur at grunnen til at ungdom vegrar seg frå å delta i politikken er hets frå vaksne i kommentarfelta. Om du har fylgt med på årets Operasjon Dagsverk kampanje kan du sjå at ungdom gong på gang vert hetsa og trakassert på Facebook og i kommentarfeltet på nettaviser.

Det skal vera trygt for ungdom å ytra seg politisk, for ungdom har mykje viktig på hjartet. Difor er me i Stord SU glad for at det er komen fleire ungdomsparti til øya vår. På den måten kan ungdom som ikkje er einig i politikken vår finna ein annan stad der dei kan ytra sine meiningar.

Stord SU, og SU over heile landet, skriv lesarbrev, har pizzamøte og me har aksjonar. Dette er måten me skapar merksemd rundt sakane me tenkjer er viktige. Det passar ikkje for alle. Difor er me glade for at det finst andre måtar å engasjera seg på hjå andre parti og organisasjonar!

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -