Gunnar Bjørk (t.v.) og Ole Yttredal samlast framleis kvar tysdag saman med dugnadsgjengen ved Stord Maritime Museum, trass i ei usikker framtid. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Etter ein debatt med harde frontar vedtok næring-, miljø- og kulturkomiteen å berre løyve 100.000 kroner i driftsstøtte til Stord Maritime Museum.

Stiftinga Stord Maritime Museum har søkt Stord kommune om 240.000 kroner i støtte frå Stord kommune for inneverande år, etter å ha teke fleire grep for å redusere kostnadane i lokala på Nattrutekaien.

Rådmannen støtta museumsgjengen i at dette var ei høveleg sum, men etter forslag frå Arbeidarpartiet vedtok NMK-komiteen i seks mot fire røyster å berre løyve 100.000 kroner.

Samtidig får Stord Maritime Museum frist til 1. september med å sikre museumsfagleg forankring og fagleg tilknyting, tilsvarande samarbeidsavtala dei hadde med Sunnhordland museum. Ytterlegare løyving av driftstilskotet blir prioritert i samband med utmåling av tilskot til Sunnhordland museum.

Foto: Jonas Sætre/Stord24

Høg temperatur

Det var til dels høg temperatur i debatten som leia opp til avrøystinga.

Geir Kannelønning (H) rista på hovudet om at koalisjonen på nytt legg opp til å presse Stord Maritime Museum opp til eit samarbeid med eit museumsfagleg miljø.

- Annonse -

– Me må slutte å krevje at dei må bli einige med Sunnhordland museum. Det er ikkje ein realitet. Kva gjer ein no når dei sit i september utan støtte til husleiga?

Komitéleiar Bente Bjelland (Ap) svarte at samarbeidet kan vere med andre enn Sunnhordland museum.

– Det er ikkje naudsynt at denne kompetansen skal stamme frå Sunnhordland museum. Det finst fleire ein kan spørje. Det er vanskeleg for kommunen å løyve utan ein tilknyting til ein museumsinstitusjon. Viss ikkje kan me skape ein presedens der me opnar for at alle kan søkje tilskot på same måte.

– Har ikkje sett deg godt no inn i saka

Sigbjørn Framnes (Frp) skulda komité-leiar Bente Bjelland for å ikkje vere godt nok informert om saka.

– Du har ikkje sett deg godt no inn i bakgrunnen i denne saka, og kva avtale kommunen har med denne samlinga. Du kan ikkje samanlikna dette med venelaget på Litlabø. Eg er usikker på om koalisjonen veit kva dei snakkar om, sa Framnes.

Framnes viste til Bjelland si bekymring om at ei løyving på 240.000 kroner vil skape presedens for at andre organisasjonar, som ikkje har museumsfagleg kompetanse, også kan søkje om midlar.

Bjelland avviste dei sterke skuldingane frå Framnes, og meinte det uansett bør vere ei føresetnad at samlinga kan vise til museumsfagleg kompetanse når det er snakk om så store løyvingar.

– Eg meiner at eg har sett meg inn i saka, og grunnen til at eg ikkje eg vil ikkje at me skal betale ut heile tilskuddet før det er museumsfaglig faglig forankra er at rådmannen som sjølv har museunsfaglig bakgrunnen peikar på at denne delen ikkje er god nok. Det er viktig for kommunen at denne delen er på plass dersom kommune skal kunne forsvare at ein gir eit så stort tilskot sidan det også står at maritimt museum vil komme med ytterligere søknader om økonomisk stønad i to år utover dagens søknad, skriv Bjelland i ein kommentar til Stord24.

 

- Annonse -