Sjukheimen på Bømlo vart nyoppussa for nokre år sidan, og står klar til å ta i mot nokre av dei pleietrengande på Stord. Foto Omega Areal
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Rehabilitering på sjukeheimen i Fitjar gjer at Stord må sjå seg om til andre kommunar for å kjøpe sjukeheimsplassar.

Grunna underkapasitet av sjukeheimsplassar på Stord har politikarane vedteke at Stord kommune skal kjøpe fem sjukeheimsplassar av Fitjar kommune.

Men grunna oppussing av sjukeheimen på Fitjar forsvinn to av plassane.

– Me mister nokre av plassane grunna ombygging. Difor har me hatt kontakt med nabokommunar om å kjøpe plassar. Me har ikkje inngått noko avtale enno, seier kommunalsjef Knut J. Gram i Stord kommune.

– Kor mange plassar blir det snakk om?

- Annonse -

– Det står att å sjå, men i utgangspunktet har me avtale om å kjøpe fem plassar, og no mister me to av dei.

- Annonse -
- Annonse -

Politikarane i Bømlo sa nyleg ja til førespurnaden frå Stord. Dermed kan det altså gå mot bruk av sjukeheimen på Bømlo for nokre av dei pleietrengande på Stord.

– Det er ein del ting som står att før me får det på plass. Dette er jo også litt prisavhengig i forhold til kostnadar, seier Gram.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -