Katrin I. Ankervold er leiar av Stord Ap. Foto: Kjetil Rydland/Fitjarposten
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

På eit styremøte i Stord Ap vedtok partiet å støtte planane om biogassanlegg på Stord, men på vilkår av at det først blir gjennomført ein reguleringsplan.

– Stord Arbeidarparti ønskjer velkommen ei biogassatsing på Stord. Dette er ein framifrå bidragsytar til at Stord kommune kan nå miljømåla sine.

Slik er ordlyden på vedtaket til Stord arbeidarparti, som vart fatta under styremøtet til partiet måndag.

Men i likskap med administrasjonen i Stord kommune, ser partiet det som ein føresetnad at det vert laga ein full reguleringsplan før bygginga kan gå i gang.

– Styret i Stord Arbeidarparti ber om at utbygginga av eit biogassanlegg på Seglneset vert underlagt ein fullstendig reguleringsplanprosess, dette for å sikre at alle partar får komma fram med sine synspunkt.

Som Stord24 tidlegare har omtalt meiner Jan Kåre Pedersen i Sunnhordland Naturgass at det ikkje er naudsynt med ein reguleringsplan, og at dette i såfall vil føre til større forsinkingar for prosjektet.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord Ap skriv vidare at dei har forståing for naboprotestane, og meiner kommunen bør trå til dersom det skulle vise seg at Seglneset i Sagvåg ikkje er ein eigna lokasjon.

–  Stord Arbeidarparti er oppteken av at dei som vert naboar til eit slikt anlegg i minst mogeleg grad vert uroa av ein slik produksjon.

– Om det i denne prosessen skulle syne seg at Seglneset ikkje er eigna til produksjon av biogass så vil me oppmoda Stord kommune om å gå i dialog med utbyggjar for å utgreie alternative plasseringar for biogassanlegget. Dette kan til dømes vere tomtar som Stord kommune i dag har hand om og som oppfyller mange av dei kriteria som utbyggjar er på jakt etter, skriv partiet.

Illustrasjon: Sunnhordland Naturgass

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -