Fitnesspoint på Heiane opna i fjor vår og er allereie klar for utviding. Foto: Fitnesspoint
- Annonse -

Det nyaste treningssenteret på Stord, Fitnesspoint på Heiane, har etter berre åtte månadar i drift over 500 medlemmer.

– Me har passert 500 medlemmar med god margin. Me er veldig nøgd, og hadde ikkje venta dette då me starta opp, fortel investor Jens Tore Engevik frå treningssenteret Fitnesspoint Stord, som opna på Heiane i fjor vår.

Treningssenteret skil seg ut at ved det er internettbasert betjening og at dei tilbyr leige av squash- og innandørs fotballbane.

– Treft me konseptet

– Kvifor har de lukkast så bra?

– Me har treft med konseptet. Me tilbyr jo ikkje berre vanleg trening, men squash og fotball. Me har gode prisar, nytt utstyr og dei som betjener det er på hogget. Det var mange som var litt skeptisk for at det skulle berre bli ungdommar, men me har veldig bra spekter i alder. Så det er jo litt kjekt.

Den store medlemsmassen har gjort at det er blitt svært trongt om plassen i treningsarealet somme tidspunkt på døgeret. Difor er investoren allereie klar til å utvide treningssenteret.

- Annonse -

– Me kjem til å utvide i høgda. Me har allereie éin etasje, og eit lite areal i etasjen over. No vi me legge golv over heile treningsarealet. Me må overvege det no når begynner å bli så mykje folk.

Merkar ikkje konkurranse

Dagleg leiar i Heiane Trening og Helse, Ingunn Berger Falk, seier at dei ikkje har merka noko auka konkurranse frå den nye aktøren.

– Det går veldig bra med oss og me ligg stabilt på treningsmassen. Det er ofte heilt fullt under spinningtimane. I tillegg er dei ubemanna sentra våre i Sagvåg og i Leirvik godt brukt.

Måndag skreiv Sunnhordland at det er i ferd me å opne endå eit nytt treningssenter på Stord. I starten av februar skal Åshild Rygg Tonning og Matt Holley opne eit nytt senter på Vabakken.

Dermed vil det vere til saman fem treningssenter på Stord som konkurrerer om kundane.

- Annonse -