Steffen Lande Salomonsen har halde på med bordtennis sidan han var 10 år gammal. Førre helg stakk han av med tre NM-gull i Haukelandshallen. Illustrasjonsfoto: Laksevåg bordtennisklubb
- Annonse -

Men 21-åringen frå Stord har ikkje tenkt å gi seg der.

– Heilt sidan eg kom inn på juniorlandslaget, har planen vore å nå Paralympics. Det er masse trening som skal til og eg har nok eit stykke att å gå. Derfor er det viktig å trene hardt, seier Steffen Lande Salomonsen.

Førre helg nådde han til topps under Noregsmeisterskapet i Haukelandshallen og stakk av med tre NM-gull. No er målet å kvalifisere seg til Paralympics i Tokyo i 2020.

For å få til dette, må han klatre opp til topp 20 i verdsrankinga.

Då kan han ikkje ligge på latsida.

Føler folk har trua

– Eg trener to gongar til dagen, alt frå 1,5-3 timar per økt. Det går jo i mykje teknikk og repetisjon, for alt går så fort. Eg bruker tid på å spela kampar. Dette er ein viktig del av førebuingane, i tillegg til å vere mentalt sterk, seier 21-åringen som har sjukdomen celebral parese.

- Annonse -
- Annonse -

Salomonsen starta med bordtennis som 10-åring og bestemte seg for å satse fullt på bordtennis fem år seinare. Sidan den gong har han stadig jobba seg eit steg oppover mot målet.

I 2014 debuterte han på internasjonalt nivå i Spania og Frankrike. Parallelt med dette fekk han utdelt eit utviklingsstipend på 25 000 kroner av Hordaland fylkeskommune.

- Annonse -

– Eg føler at folk har trua på meg, og det har sjølvsagt vore veldig viktig i utviklingsprosessen. Spesielt foreldra mine og Noregs bordtennisforbund har vore ei god støtte å ha. Det er på ein måte alfa og omega.

Har planen klar

Kan du sei noko om korleis du har utvikla deg dei siste åra?

– Eg har fått ein klårare speleplan, endra stil og blitt meir sikker som utøvar. Eg har starta med meir mengdetrening, og spelar med ulike type spelarar. På den måten får eg utvikla meg på ulike område. Ein lærer stadig av sine eigne feil, opplyser Salomonsen.

Men målet om å kvalifisere seg til Olympiatoppen er ikkje nok. Allereie no har han planen klar for vegen vidare, og satsar på Paralympics-medalje i 2024.

Det var BA som først omtala saka.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -