Jane Jünger er blant initiativtkarane bak feministarrangementa på Stord. Foto: DNS
- Annonse -

Vil skape fast møteplass på Stord for å diskutere feminisme.

Kvinner har ein dag i året som er deira, nemleg Kvinnedagen 8. mars. Resten av dagane i året er mennene  sine dagar, vert det sagt på halvegs på spøk.

No ønskjer initiativtakarane bak 8. mars-feiringa på Stord å ta dette på kornet, og arrangere feministarrangement gjennom heile året.

– «Kvifor ikkje la 8. mars vara heila året», var spørsmålet det tverrpolitiske 8. mars initiativet spurde seg etter sist 8. mars-feiring på Stord, seier Jane Jünger.

Dette er bakrunnen for at dei no startar ein ny møtestad på Stord der dei skal arrangere føredrag og samatalar under fana «Feminist, javisst! – 8. mars året rundt».

– Me håper at «Feminist, javisst» skal blir ein møtestad for kvinner og menn i alle aldrar, der me kan få inspirasjon og ein god samtale om ulike tema som kretsar rundt feminisme, seier Jane Jünger, på vegne av 8. mars initiativet.

- Annonse -
- Annonse -

Først ut er eit møte med forfattar og spaltist Marta Breen lørdag 15. september på Sykkel og Kaffi. Ho har skrive fleire bøker om kjønnsroller, feminisme og kvinner i norsk samfunnsliv.

- Annonse -

Breen har bakgrunn som journalist i NRK, Dagbladet og Kvinner og Klær, og er nok kjend for mange som fast spaltist i Dagbaldet der ho skriv om feminisme.

– Kvinner er inga ny oppfinning. Det kan berre verke sånn nokre ganger. Menn dominerar i historiebøkene og åtte av ti biografiar som kjem ut i Noreg handlar om menn», seier Marta Breen, som er aktuell med boka ”Kvinner i kamp” som kom ut på Cappelen Damm våren 2018, og allereie er vidaresolgt til 17 land.

Førdraget lørdag er eit samarbeid med Pride-paraden på Stord og Sykkel og kaffi. Marta Breen kjem til å gå gjennom feminismen si historie, frå det første kvinnesaksmøtet i Noreg til dagens #metoo-debattar.

– Ho snakkar også om behovet for feminisme i 2018 og viser eksempler på korleis mediar og populærkultur altfor ofte framstiller kvinner og menn på stereotypt vis, melder Jünger.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -