Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø. Foto: Høgre
- Annonse -

Då Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø starta eit bakeriutsal i Leirvik sentrum i 2015, så var allereie bedrifta på veg mot konkurs.

Satsinga på Stord var eit siste forsøk for Peder Bakar å snu raude tal til minus. Men no viser det seg at det var for seint allereie før oppstarten, skriv avisa Grenda.

Bakeriutsalet i Leirvik opna berre nokre månadar før Peder Bakar gjekk konkurs, og oppstarten skjedde på rekninga til kreditorane. I tillegg til Stord, dreiv Slettebø bakeriutsal i Rosendal og i Sæbøvik på Halsnøy.

Straffbart å ikkje melde oppbod

Peder Bakar dreiv bakeriutsal nokre månadar i dette lokalet, som i dag husar Skaut Spiseri. Foto: Peder Bakar

– Det er i utgangspunktet heilt fair for ei bedrift å ta sjansar og tape pengar, men på eit tidspunkt blir det uaktsamt. Eit styre har plikt å melde oppbod ved insolvens, og det er straffbart å ikkje gjere det, seier advokat Kjell Petter Neset i advokatfirmaet Responsa til Bergens Tidende. Han er bustyrar i selskapet.

Sjølv om Kvinnherad-ordføraren handla uaktamt, vert det ikkje teke rettslege steg mot han. Grunnen til dette er at han inngjekk forlik med buet og betalte inn 110.000 kroner, som mellom anan gjekk til løn til dei tilsette.

Etter at selskapet gjekk konkurs var det meldt inn til saman 69 krav på til saman over 2,5 millionar kroner. Leverandørgjelda var på 520.000 kroner. Samtidig var verdiane i selskapet rekna til fattige 250.000 kroner.

Anbefalar ikkje næringsdrivande å gå inn i politikken

- Annonse -

Slettebø var framleis aktiv i drifta av selskapa etter han han vart ordførar i Kvinnherad i 2015. Til Bergens Tidende åtvarar han andre om å gjere noko liknande.

– Eg har erfart at det å drive eigen butikk og samtidig vere engasjert i politikk, er veldig vanskeleg. Mange meiner fleire sjølvstendige næringsdrivande bør gå inn i politikken. Det kan eg ikkje anbefale, seier Slettebø.

- Annonse -