Forlagssjef Håkon C. Hartvedt med ein glad Gunnar Ingebrigtsen under boklanseringa i går. Foto: Terje Koløen.
- Annonse -

Gunnar Ingebrigtsen var eit einaste stort smil då boka om han, «Eg gjer meg aldri!», vart lansert hos Sunnbok på Leirvik i går.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Så selde boka og svært bra.

Sjølv om det òg var greitt sal på dei andre to bøkene som forfattar Håkon C. Hartvedt lanserte i går, «Start dagen med eit smil, så er det overstått» og «Frå Oasen», var det tydeleg at det først og fremst var boka til Gunnar folk kom for å kjøpe.

Lillian Kårbø kom eins ærend frå Sagvåg til Stord, både for å kjøpe bok – og gi Gunnar blomar i samband med lanseringa.

Gunnar vart og gjort vidare stas på: Vener hadde kjøpt han to nye frelsesarmeskjorter, og frå forlaget fekk den glade frelsessoldaten ein spildrandes ny uniform.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Det måtte til, for som Gunnar seier har han slite ut «ei grøde med uniformer og offiserar» – og at han kjem til å slite ut denne og, er me ikkje i tvil om, seier forlagssjef Håkon C. Hartvedt til fitjarposten.no

Laurdag vart det signering på Fitjar. Først hos Larsen Multihandel, så hos Thea Træet.

Les Stord24 sitt portrettintervju med Gunnar Ingebrigtsen her.

Gunnar leverer bok til Øystein Steinsland. Sistnemnde kjem med bok om ein månad. Foto: Terje Koløen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -