Olaug Haugen er rådmann i Fitjar. Foto: Harald Johan Sandvik
- Annonse -

I framlegget til neste års Fitjar-budsjett er det føreslått kutt på 7,8 millionar kroner. 

Det er inga nyhende at Fitjar kommune står framføre store økonomiske utfordringar. dette speilar seg i budsjettforslaget som rådmannen i Fitjar no har lagt fram.

Dei store innsparinga kjem som kjent i skulesektoren. Rådmannen legg fram forslag om endring av skulestrukturen i råd med Alternativ 1 i skulebruksplanen, som betyr nedlegging av både Selevik og Øvrebygda skule frå 2020/2021. I tillegg føreslår rådmannen i flytte 7. klasse ved Øvrebygda skule til Rimbareid allereie frå skuleåret 2019/2020.

Vidare vert det føreslått nedtrekk av læremiddel ved skulane med 190.000 kroner.

Svært lågt fødselstal

Samtidig legg rådmannen opp til mindre utgifter til barnehage dei neste åra. Dette er basert på oppdaterte fødselstal, der ein ser ein dramatisk nedgong av nye fitjarbuarar.

– Ut frå fødselstala som no ligg føre vil det vere usikkerheit i etterspurnaden etter barnehageplassar dei komande åra. Dette skuldast eit serdeles lågt fødselstal for 2018. Slik det ser ut no vil det berre bli fødd 26 barn i Fitjar i 2018, medan snittet dei siste åra har lege i underkant av 40, skriv rådmannen.

- Annonse -
- Annonse -

Grunna grunnbemanningsnorm i barnehagane vil det bli ei kostnadsauke på 600.000 kroner til ein pedagogstilling i Fitjarstølane barnehage.

I grunnskulen er elevtalet i dag om lag uendra, men også er venta å gå ned i åra som kjem.

Vil avvikle norskopplæringa i Fitjar

Når det gjeld tilbodet om norskopplæring til framandspråklege i Fitjar kultur- og idrettsbygg er dette føreslått avvikla frå og med sommaren 2019. Grunnen er at talet på elevar vil minke og at det statlege tilskotet dermed ikkje lenger vil finansiere tilbodet.

Det er lagt opp til kjøp av tenester av vaksenopplæringa på Stord for dei som framleis har rett på norskopplæring med samfunnsfag etter sommaren.

Kuttar i administrasjonen

Kommunestyret har tidlegare vedteke ein reduksjon i administrasjonen i rådhuset på éin million kroner. Endringa inneber at tre rådgjevarstillingar på rådhuset skal delfinansierast gjennom eksterne tilskot gjennom prosjekt som Fitjar har søkt på.

– Me hentar inn fleire millionar kroner til prosjekt for fornying og betra kvalitet av tenestene våre. Men prosjekta er av natur kortvarige. Me må sjå til at jakta på eksternt finansierte prosjekt ikkje skapar feil fokus for organisasjonen, åtvarar rådmannen.

Trass i tronge kår skal kommunen likevel gjere store finansieringar i 2019. Totalt skal det investerast for 41 millionar kroner i ombygging av Fitjar bu- og behandlingssenter, miljøgata i sentrum og påbygg på Rimbareid skule. Utanom tilskot frå Husbanken på 18 millionar vil investeringane bli lånefinansiert.

Rårdmannen er tydeleg på at endring og omstilling er noko som vil prege alle sektorar i kommunen, noko ho trur Fitjar er godt rusta til.

– Nokre av Fitjar kommune sine noverande fortrinn er at me er ein liten, rask oversiktleg og kompetent. Det gjer omstilling mogleg og synleg, både i organisasjonen og for innbyggjarane.

Kutt i helse- og sosialtenestene

Budsjettet for helse- og sosialavdelingane i Fitjar er føreslått redusert med 1,4 millionar kroner.

- Annonse -

Dette vil medføre at ei 20 prosent-stilling som helsesøster ved helsestasjonen bli kutta.

– Når ein reduserer tilbodet vil det gå utover tilgjengelegheit og helsesøsterdekning både på helsestasjonen og skulehelsetenesta, skriv rådmannen.

Vidare er tilskotet til Frivilligsentralen for aktivisering av eldre og funksjonshemma føreslått kutta.

Det er ikkje er funne rom for tilsetting av ergoterapeut og psykolog, noko som vert ein lovpålagt kommunal teneste frå 2020.

Svært mange på sosialhjelp

Rådmannen viser i budsjettframlegget at Fitjar har svært høge utgifter knytt til sosialhjelp, og ei dobling frå to til fire millionar berre i løpet av dei siste tre åra.

I 2017 fatta NAV-kontoret i Fitjar heile 915 vedtak om økonomisk sosialhjelp, opp frå 300 i året før. 110 innbyggjarar i Fitjar får no sosialhjelp.

– Det er mange vanskelegstilte familiar og andre. Ein ser òg ei auke i tal flyktningar som no går over frå introduksjonsprogrammet og skal over til arbeid/utdanning. Gjennom omstillingsarbeidet skal me sjå om nivået kan reduserast, skriv rådmannen.

Press på pleie- og omsorgstenestene

Den utfordrande økonomiske situasjonen gjer at det vil bli eit sterkare fokus på effektiv drift i pleie- og omsorgstenestene.

– Det vil vera heilt avgjerande at ein får snudd presset på institusjons tenestene, skriv rådmannen.

I dag er det ikkje ledig kapasitet på institusjonsplassar i Fitjar, og heller ikkje korttidsopphald og avlastning. Dette skapar ekstra press på heimetenestene. Budsjettet til heimetenestene er difor føreslått auka med 2 millionar kroner til neste år.

Samtidig peikar rådmannen på at det vil kome nye krevjande behandlingsoppgåver til kommunane, mellom anna betalingsplikt for liggedøgn for brukarar innan rus/psykiatri.

For å redusere utgiftene i denne sektoren legg rådmannen opp til auka bruk av omsorgsteknologi, slik at eldre kan bu lenger heime. Dette skal kunne spare kommunen for to stillingar og reduksjon i ein sjukeheimsplass.

Dette blir dyrare for innbyggjarane:

Noko av omstillinga vil bety dyrare tenestene for innbyggjarane:

  • Prisen for SFO er føreslått auka med 2,6 prosent i høve 2018.
  • Prisen for kulturskuleplass skal aukast med fem prosent i høve 2018.
  • Gebyret for vatn og avlaup vil auke – kjem som eige sak til kommunestyret.

Samtidig vert eigedomsskatten uendra med 6 promille for næringseigedommar og 2,5 promille for bustadar. Likevel budsjetterer rådmannen med ei inntekt frå eigedomsskatten på 17,2 millionar kroner, mot 15 mill. i 2018.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -