Jazzbandet "Come Shine", som skal opptre saman med diktarane Jan Erik Vold og Einar Økland, er definitivt rosinen i pølsa for jazzhausten, seier Olav Fjell.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Artistar og band frå inn- og utland står i kø for Stord jazzklubb si scene, seier klubbleiar Olav Fjell, som lovar eit rikt og variert program for hausten.

I løpet av dei to åra Stord Jazzklubb har eksistert har klubben arrangert eit tredvetals konsertar og over 200 medlemmer.

– Me får kollosalt førespurnader frå folk som vil spele for oss. Akkurat no har me runda 150 band og artistar frå inn og utland som har spurt. Me har fått førespurnader frå Italia, Sveits, Portugal, you name it.

Kan velje og vrake

Stord Jazzklubb har difor ikkje problem med å booke nokre av dei sju konsertane som vil bli arrangert i haust. Når dei skal spikre programmet er det eit mål at musikken skal vere tilgjengeleg for eit breidt publikum, seier Fjell.

Leiar Olav Fjell (i midten) i Stord Jazzklubb er godt nøgd med haustens jazzprogram. Her saman med Kjell Arne Møklebust og Wenche Marie Eriksen som er i styret i klubben. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Me kan berre velje og vrake. Først gjer me ei grovsiling, og så sorterer me i forhold til sjanger. Det er utruleg mange nyutdanna som trur dei må lage noko unikt og nytt innan jazzen. Men publikummet vårt vil ha veldig mykje av god, gammal jazz. Musikk som svingar. Dei som berre improviserar utan noko tema eller melodi blir vanskeleg å presentere for Stord Jazzklubb.

Rosinen i pølsa

Førstkomande laurdag sparkar klubben i gang sesongen då duoen Torun Eriksen og Kjetil Dalland. Eriksen, som er ein kritikarrost jazzmusikar og komponist, vitja også jazzklubben på Stord for halvanna år sidan.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Tysnesingen Kjetil Dalland, som i si tid gjekk på musikklinja her på Stord, er heller ingen kven som helst. Han har akkompagnert store namn som Mari Boine, Bertine Zetlitz, Kurt Nilsen, Lene Marlin og Anneli Drecker, og han er no fast bassist i Vamp.

Olav Fjell er ikkje i tvil kva som blir det verkelege høgdepunktet blant konsertane i haust.

– Den store rosinen i pølsa blir nok Come Shine med Jan Erik Vold. Viss ikkje det blir fullt i kulturhuset på den konserten, ja då forstår eg ikkje noko.

Slik blir jazzprogrammet:

  • 14. september syter duoen Torun Eriksen og Kjetil Dalland for oppstarten denne hausten.
  • Fredag 28. september får klubben storfint besøk av ein kvartett frå Danmark. Trioen Sophisticated Ladies saman med saksofonist Christina Dahl blir rekna blant dei fremste kvinnelege jazzmusikarane i Europa.
  • Laurdag 13. oktober får jazzpublikummet nok ein gong høve til å låna øyra til Wenche Bruun Lien sitt fine jazzband. Ho har sett saman eit program som omfattar vokale perler frå ulike tidsepokar og stilartar innan jazzen.
  • Stord Jazzklubb har innleia eit nært samarbeid med litteraturfestivalen Falturiltu, og sundag 4. november er det klart for ei feststund for heile familien når bandet Building Instrumenttar med seg animasjonskunstnar Simone Hooymans, korjentene i Aspane og musikklina sitt vokalensemble i unikt samarbeid. I tillegg får ein dramatisering av Kari Stai sine karakterar Jakob og Neibok, ved teaterelevar i Stord kulturskule.
  • Fredag 9. november bør alle litteratur- og jazzinteresserte merkja seg. Då kjem det kjende jazzbandet Come Shine til Kulturhuset. Bandet er ute på ein 20-års jubileumsturné. Med seg på scenen får dei forfattarane Jan Erik Vold og Einar Økland. Dette vil nok vera rosina i pølsa i jazzklubben sitt konsertprogram denne hausten. Ein finn meir om denne konserten på Stord Jazzklubb og Falturiltu sine sider på nettet. Her finn ein og rettleiing om kor ein kan kjøpa billettar.
  • Den kjende trubaduren Svein Tang Wa frå Stavanger tar med seg ein kvintett når han vitjar Stord Jazzklubb sin scene 24. november. Fleire av musikarane er kjende jazzprofilar, som Reidar Larsen og Stein Inge Brækhus. Ei fin oppleving ein laurdags ettermiddag, også for jazzentusiastane.
  • Olga Konkova kom som klassisk stjernepianist frå Russland til Noreg for om lag 25 år sidan. Ho har for det meste dyrka jazzen sidan ho kom hit og har gitt ut ei rekkje fine plater saman med ulike musikarar frå toppskiktet i norsk jazz. På jazzklubben sin scene vil Konkova gi to sett med ulik besetning, først ei økt saman med gitaristen Jens Toresen der dei framfører julemusikk frå plata «December Songs». Ho avsluttar konserten 8. desember saman med to sveitsiske musikarar.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -