17. mai-toget i Sagvåg. Foto: Jan Morten Nesse/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Her kan du sjekke kva som skjer rundt om på skulane og i Leirvik sentrum på årets grunnlovsdag.

I år er det Stord Idrettslag som har ansvaret for årets 17. mai-arrangement på Stord, eit ansvar dei tek på seg kvart tredje år.

Det er ordførar Gaute Epland (Ap) som skal halde hovudtala i Parken i år. Han skal også halde dagens tale ved Nysæter kyrkje etter 17. mai-toget i Sagvåg.

Fellesarrangement i Leirvik

07:00 Flaggheising ved støtta av Bård Haugland, Stord Musikklag, Leirvik Mannskor og speidarane deltek. Tale og nedlegging av krans ved Sigmund Grønsdal. Morgontoget går gjennom Leirvik til Døso. Leirvik Mannskor og Stord musikklag går vidare til Stord Sjukehus der dei syng og spelar. Leirvik mannskor syng og på Stord Sjukeheim og på Knutsaåsen omsorgssenter.

11:00 Gudsteneste i Stord kyrkje ved Egil Larsen

10:45 Tale og nedlegging av krans til minne om dei falne. Ved Stord kyrkje. Tale ved Kristian Lunde Sr.

- Annonse -

13:00 Gratis film i Kulturhuset – Ferdinand

15:00 Borgartoget stiller på torget. Kvart lag stiller under sine faner/merker. Sjå oppstilling og kart bak i programmet.

15:30 Toget startar på torget (sjå rute bak i programmet).

16:00 Folkemøte i Parken. Talar for dagen er ordførar Gaute Straume Epland. Leirvik Mannskor syng og Stord Musikklag spelar.

17:00 Nasjonalfest i Frelsesarmeen. Fint program og god servering.

17:30 17.mai-fest for heile familien i Leirvik bedehus. Prost Svein Arne Theodorsen taler. Lovsangbrødrene syng. Opplesing ved Kari Bolette Lundal. Bevertning, kollekt. Alle er hjarteleg velkomne.

17:30 Matiné i Kulturhuset. Billettpris: Vaksne kr 200. Born opp til 15 år gratis

Borgartoget i Leirvik. Foto: Stord kommune

Leirvik skule

10:30: Borna møter på skuleplassen

10:45: Opning av dagen ved 7. trinn

11:10: Barnetoget går frå skuleplassen. Rute: Vikabrekko – Osen – Nattrutekaien – Kaisvingen – Borggata – Torget – Sæ – Vikabrekko – skuleplassen.

12:00: Kafeen på skulen opnar

12:15: Framsyningar ved elevar. Etter framsyningane vert det leikar for store og små. Sal av is, pølser, brus, kaffi og kaker.

14:30: Arrangementet er slutt.

Hystad skule

08:00 Flaggheising

09:30 Elevane møter på skulen og stiller opp på idrettsbanen. Appell v/elevar på 7. trinnet. Stord skulekorps spelar.

10:10 Avgang med marsj ned til Stord sjukehus. Deretter går toget ned Sjukehusvegen og ut Hystadvegen til kyrkja.

10:45 Tale med nedlegging av krans ved minnestøtta over dei falne.

11.00 Gudsteneste i Stord Kyrkje.

11:30 Leikar for born på idrettsbanen. Vinnarane av det beste innslaget i 17.maitoget vert kunngjort kl. 12.00. Kafeteria i gymnastikksalen og pølsesal ute v/Stord skulekorps sitt støttelag. Det vert sal av is og brus v/17.maikomitéen. Kafeen opnar kl. 10.30. NB! Hugs mynt.

13:00 Arrangementet slutt

Foreldrekontaktane stiller opp klassane på idrettsbanen og føl dei i toget til kyrkja. Foreldrekontaktane har ansvar for at faner, flagg og plakatar vert samla inn og plasserte i ein bil som står parkert utanfor kyrkjegardsporten. NB: Foreldra har ansvar for borna sine når 17.maitoget kjem til kyrkja

Foto: Langeland skule

Langeland skule

08:00 Flaggheising.

09:30 Frammøte ved skulen. Elevane stiller opp. Me syng nasjonalsongen vår. Appell for dagen ved elevar frå 7.-trinn. Toget i år går frå skulen via Langelandsvegen, Kåreviksvegen, Trodlahaugen, Storamyro, Løkjabrotet, Kåreviksvegen og attende til skulen. Neste års 1. trinn er invitert med i toget under eiga fane (bak vaksenkorpset).

Tale for dagen ved Birger Taranger. Etter talen vert det sal av pølser, is, brus, kaffi og kaker. Elevinnslag. Konsert ved Langeland skulekorps. Etter konserten vert det leikar og underhaldning for borna.

13:00 Program ved skulen slutt.

17:30 17.mai-fest i Horneland bedehus. Tale ved Liv Stokken. Me oppmodar om å ikkje parkera bilane langs vegen der toget skal gå. Parkeringsplassar ved skulen er forbeholdt rørslehemma. Me ber dykk parkera på Heiane. Følg rettleiing frå parkeringsvaktane. Hugs kontantar, gjerne mynt! I år tar me og imot betaling med VIPPS – 515620

Rommetveit skule

08:00 Flaggheising på Rommetveit skule. Korpset spelar under flaggheisinga.

10:00 Gudsteneste i Aulaen. Andakt ved Svein Arne Theodorsen. Fredsdikt av elevar i 5. klasse. Rommetveit skulekorps spelar.

10:45 Barnetoget stiller opp i Borggarden etter oppsett plan. Nordbygdo 17. maikor stiller opp i trappa.

10:55 Nordbygdo 17. mai-kor syng «Gud signe Noregs land» og «Herlege Stordøy» Appell ved Geir Angeltveit. Alle syng to vers av «Ja vi elsker» 3×3 HURRA!

11:10 Toget går. Ruta er den vanlege forbi Samhald og over Krokane.

11:55 Toget er tilbake ved skulen. Alle syng eit vers av «Det går eit festtog gjennom landet!»

12:00 Leikar på grusbanen. Kafé i gymsalen. Sal av pølser, brus og is frå salsbodar ute på skuleplassen.

13:30 Arrangementet på skulen er ferdig.

Fellesarrangement i Sagvåg

Felles barnetog i Litlabø- og Sagvågsbygda. Toget går frå Sagvåg sentrum (Kiwi), via Buneset og forbi gamle Sagvåg skule. Flaggborga vert boren av 7. klassen ved Sagvåg Skule. Toget endar opp ved kyrkja, der me får dagens tale ved Ordfører Gaute Straume Epland

0800: Flaggheising v/Eldrebustadane i Buneset, Sagvåg skulekorps spelar.

08.30 Frukost med andakt i Nysæter Kyrkje

09.45: Toget stiller opp.

10.00: Toget går frå Sagvåg sentrum, via Buneset eldrebustader og forbi gamle Sagvåg skule.

11.00: Toget stoppar ved kyrkja, korpset spelar ”Ja vi elsker” og dagens tale v/minnestøtta. Krans vert lagt ned på minnestøtta.

11.30: Arrangement ved skulane startar. Tidsmessig går det bra med fellestog for så å tilslutta seg tradisjonelle arrangement på dei tre skulane. Me oppmodar alle om ikkje å gå til skulane før dagens tale er ferdig.

Sagvåg skule

11.45 Arrangementet startar. Velkomen og helsing i gymsalen

12.00 Elevinnslag. Elevar ved Sagvåg skule syng. Apell v/elevar i 7.klasse. Kunngjering av beste klasse i toget.

12.45 Kunngjering Luftgevær, alle klassar Tipping

13.30 VEL HEIM, OG TAKK FOR I DAG!

Litlabø skule

11.30 Kafèen opnar Leikane startar Loddsal

13.00 Underhaldning i gymsalen Loddtrekning i gymsalen

14.00 Slutt 17. mai

Tjødnalio skule

11:30 Arrangementet ved skulen startar. Kafeane opnar.

12:00 Fanfare. Appell ved 7. klasse. Nasjonalsong – song og korps Kunngjering av beste innslag i toget Leikane startar

14:00 Arrangementet ved skulen sluttar

Me oppmodar foreldra til å stå saman med borna sine under appellen og musikkinnslaga. Leikane og kafeen tek pause under desse innslaga. Me oppmodar også om at flest mogeleg tek med småpengar til bruk i kafeane.

Det er plass til ca. 40 bilar ved skulen/barnehagen. Denne plassen vert stengt når det er fullt. Hjarteleg velkomne alle saman.

17. mai på Huglo

10.30 Flaggheising Korpset spelar

11.00 Gudsteneste

Ca. 12.00 17. maitog frå skulen. Korpset spelar Ord for dagen 17. mai fest i skulen:
– Matøkt (ta med mat og drikke sjølv)
– Sal av kaffi, kaker, is og brus – Leiker for små og store
– Premieutdeling

18.00 Fest i bedehuset

- Annonse -