Emma Rolfsnes Sele (20) frå Bømlo reiser til Uganda for å drive seksualundervisning. Foto: Pernille Førland-Hatlevik/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Emma Rolfsnes Sele frå Bømlo skal bruke hausten på seksualundervisning i Uganda. 20-åringen skal styre prosjektet saman med kjærasten og ei venninne. 

10. september reiser dei tre til Kasese i Uganda. Der skal dei bruke tre månader på ein barneskule og ungdomsskule. Sele fortel at ingen av dei har gjort noko liknande før, men at dei no skal drive prosjektet heilt sjølv.

– Det er veldig utanfor komfortsona mi, men eg trur det er ein bra måte å gjere noko som kjennast fint og nyttig.

Samlar inn pengar til bind

Sjølv om det kan vera skummelt å reise til andre sida av verda, verkar Sele engasjert i både saka og reisa. Dei tre gjekk på folkehøgskule i lag då dei fekk spørsmål om dei kunne vera interessert.

– Ein del jenter vågar ikkje å gå på skulen fordi dei ikkje har råd til bind. Det er òg nokon som droppar ut. Som jente er det så vondt å høyra. Det er utruleg unødvendig å miste viktig utdanning på grunn av noko som så enkelt kan gjerast noko med, seier Sele.

Ho fortel at dei har starta ein spleis der dei samlar inn pengar for å kjøpe bind til jentene. Så langt har dei samla inn rundt 6000 kroner til saka.

- Annonse -
- Annonse -

– Me skal kjøpe gjenbrukbare bind frå ein organisasjon som ofte produserer til slike prosjekt. Dei tilset blant anna kvinner i Uganda, seier 20-åringen.

Ikkje enkelt å planleggja

Då ho får spørsmål om korleis dei skal gjennomføre prosjektet i praksis, fortel ho det er vanskeleg og at dei må vera opne for endringar undervegs.

– Me må reise ned å sjå kva som trengs og kva dei er opne for å snakke med oss om.

- Annonse -

Ho påpeikar at nokre av landets lovar kan gjere arbeidet med seksualundervisning litt krevjande. Sele fortel at blant anna det å vera homofil i Uganda kan føre til fengsling.

– Dersom ein til dømes snakkar positivt om homofili kan ein få harde straffer. Me må trø litt varsamt og kjenne på kva dei syns er greitt å vera opne med oss om, fortel Sele.

Ikkje berre alvor

Sjølv om tema dei reiser for å snakke om er alvorleg, vil dei òg freiste å få elevane med på forskjellige fritidsaktivitetar. Sele har lenge spela teater på fritida og ynskjer å gjere det saman med elevane medan ho er i Uganda.

– Eg samlar også inn små teaterrekvisittar som eg kan ta med ned. Det er noko som kanskje ikkje verkar like viktig, men eg trur det kan vera kjekt for både dei og oss, seier ho.

Sele seier at ho aldri har vore i Afrika før, og at det blir ein del krevjande forskjellar å bli vand med i byrjinga. Likevel ser ho fram til turen.

– Eg gler meg til heile opplevinga. Det blir kjekt å kunne bidra med noko som kan hjelpe andre.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -