Den britiske artisten Elvis Costello kjem til Tysnesfest. Foto: Bernie Mcallister
- Annonse -

Den britiske superstjerna Elvis Costello blir ein av dei verkeleg store trekkplastera på årets Tysnesfest.

– Det er intet anna enn ei verdsstjerne som inntek Gjerstad arena laurdag 14. juli!

Det melder festivalsjef Øystein Våge i Tysnesfest i ein pressemelding.

Elvis Costello er ei legende som har vore på vegen i 40 år. Han har samarbeidd med store namn som Paul McCartney, og er gift med jazzartisten Diana Krall. 63-åringen  har gitt ut eit 30-tals album aleine og med fleire band og andre artistar. 

I starten på karrieren var Costello sterkt påverka av punk og new wave. Men sidan har han gjort seg bemerka i ei rekke sjangrar, mellom anna blues og country.

Costello har hatt mange hits opp gjennom åra. Ein av dei mest kjente er kanskje «She», som vart ei monsterhit då filmen «Notting Hill» kom i 1999. Men han er og kjend for perler som «Alison», «Veronica» og «I’ll never fall in love again», som han song saman med ei anna legende, Burt Bacharach.  

- Annonse -

Dette er artistane som til no er booka til årets Tysnesfest:

Elvis Costello & The Imposters, Alan Walker, Susanne Sundfør, Miss Tati, Adam Douglas, Gåte, OnklP & De Fjerne Slektningene, Bigbang, Oslo Ess, Kari Bremnes, Amanda Delara, Dagny, Gardsbruk, The Vossa Rebels

I tillegg kjem seglskuta Statsraad Lemkuhl til festivalen.

- Annonse -