Halloween kom seint til Litabø i år. Her er synet som møtte rektoren ved skulen. Foto: Rune Ask
- Annonse -

– Dette mysteriet skal me kome til botn i, og den som har gjort dette her skal sjå ei side av meg som dei aldri før har sett.

Rektor Rune Ask ved Litlabø skulle berre kjapt innom kontoret i dag tidleg før han måtte av garde i eit møte, og fekk nesten morgonkaffien i halsen då han såg inn døra. Dorull på dorull låg nemleg rulla ut høgt og lågt over heile kontoret.

Rune Ask er rektor på Litlabø skule. Foto: privat

– Eg skulle berre kjapt innom kontoret. Då eg så opna døra får eg jo heilt sjokk. Eg tenkte berre ‘kva i alle dagar?!’ Heile kontoret såg jo ut som ein einaste stor dorull!

Har to mistenkte

Ask trur ikkje det er elevar som står bak rampestreken, og har allereie eit par mistenkte i kikkerten.

– Nei, eg trur ikkje dette er elevar. Var kjære assisterande rektor kom nyleg heim frå England og då hadde ho med seg ein lurealv. Så i går fann eg plutseleg lua til alven på kontoret, og etter ei stund såg eg at nøklane og brillene mine var vekke. Difor var det ho som var hovudmistenkt i starten, seier Ask.

- Annonse -

Men like etter kom det nye, viktige opplysningar på banen. Ein kamerat av Rune Ask, fysioterapeuten Jon Einar Aase på Nemus vart nemleg utsett for same brotsverk i dag tidleg.

– Jon Einar sende meg eit bilete om at heile kontoret hans såg nett likt ut. Då fann eg ut at det her er ei fellesnemnar. Han har nemleg ei svigerinne som jobbar hos oss her på Litlabø

Slik var kontoret til fysioterapeut Jon Einar Aase ved Nemus i dag tidleg.

skule. Så no har eg retta fokus mot eit anna område. Eg og Jon Einar kjem til å arbeide saman om etterforskinga.

Aase i Nemus fortel at det har gått nokre dorullar med på kontoret hans i dag.

– Eg ante ugler i mosen då det hang ein liten flik av dopapir på dørhandtaket. Så då eg kom inn på kontoret var det jo heilt fullt dopapir. At det har gått mange rullar dopapir er det ikkje tvil om. Det var ikkje plass i bosbøtta for å seie det sånn, ler Jon Einar Aase.

Fekk som fortent

Rune Ask forsikrar at om dei kjem til bunns i saka vil gjerningspersonen vente seg kraftige sanksjonar.

– Det kan du trygt skrive. Då vil dei sjå ei side av meg som dei aldri før har sett.

Rektoren tek dorullspøken med eit smil, og understrekar at han sikkert har fått som fortent.

– Eg må nok setje av litt tid til opprydding. Eg likar jo å finne på litt sprell så eg har nok fått heilt som fortent. No er eg ein person som alltid prøvar å sjå positivt på ting, og det positive her var jo at dopapiret var veldig fint med julenissemotiv. Og så var jo heldigvis ikkje brukt.

PS: Vær varsam-plakaten seier at pressa skal vere forsiktig med å førehandsdøme nokon i kriminalreportasjar. Me gjer det difor klart at skuldspørsmålet for ein mistenkt i dopapirsaka først er avgjort ved rettskraftig dom.

- Annonse -