Jan Kåre Pedersen og Magnar Aaland i Sunnhordland Naturgass. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Sunnhordland Naturgass offentleggjorde i dag at det ikkje blir noko av biogassplanane i Sagvåg.

– Stord er me no ferdige med. Me beklagar voldsomt at det ikkje fekk til dette på Stord. Men det er umogleg å få til.

– Me har gjort det me kan for å få til arbeidsplassar på Stord. Det har vore det viktigaste for oss. Me var difor mildt sagt overgitt over svaret frå Stord kommune, sa Pedersen på pressekonferansen.

Pedersen viser til rapporten frå Stord kommune i førre veke, der dei krevde full reguleringsplan for tomta i Grunnavågen. Dette vil forsinke oppstarten med eitt til to år.

Eigarane i Sunnhordland Naturgass gjorde det klart at dei no vil gå for ei løysing i ein annan kommune enn Stord. Men med ei mogleg avdeling i Seglneset i Sagvåg på eit seinare tidspunkt. Det var Seglneset som var det opphavlege utgangspunktet for biogassplanane.

– Det me kan få til er å bygge eit biogassanlegg på Seglneset i ein mindre skala, med ein eller to reaktorar.

- Annonse -

– Kvar vil anlegget bli etablert?

– Me har ikkje tenkt å gå ut med det i dag. Me har ein del forarbeid me må gjere, sa Pedersen.

Som Stord24 skreiv i går, reagerer Pedersen sterkt på kommunen sitt krav om reguleringsplan.

– Hadde dei sagt til oss på førehandskonferansen i juni at me måtte søkje reguleringsplan ville me aldri ha starta opp. Me føler at me er ført bart lyset, sa Pedersen.

Han opplyser at SNG har brukt store midlar på planane i Sagvåg.

– Dette har kosta oss ufatteleg mykje pengar. Me har brukt ein halvannan million på utgreiing på signala me har fått frå førehandskonferansen, sa medeigar Magnar Aaland.

Pedersen varsla at det kan kome søksmål mot kommunen mot den manglande informasjonen om reguleringsplanen.

– Me har sett advokatar på for å sjå på om dette er etter lovverket, for å sjå på pengane me har brukt.

Aaland, som tidlegare i år gav seg som administrerande direktør i Advantec, gjekk hardt ut mot den massive motstanden frå lokalbefolkinga.

– Eg ser kva dei får til der ute på Bømlo. Her skal me helst vere arbeidsstakarar og lønsmottakararar og jobbe på Kværner. Har du i tillegg nokon som set opp frisørsalongar så er det vel og bra. Men me kan ikkje leve av å klippe kvarandre på Stord. Me er faktisk genuint oppteken av å få til noko her, sa ein tydeleg oppgjeven industrileiar.

Både Pedersen og Aaland meinte det er mykje jantelov ute og går på Stord, som dei trur er del av bakgrunnen for motstanden.

– Dette er ikkje noko eg må gjere. Men ein er jo skrudd sånn saman at ein har lyst å skape noko og få til noko nytt. Eg har alltid vore utruleg lokalpatriotisk på vegner av Stord, for det er forbaska mange moglegheiter til å skape noko, som er noko anna enn å springe etter andre.

– Men etter tilbakeslag etter tilbakeslag så må du gjerne innsjå at du etter kvart skjønar verda litt betre. Kvifor i verda skal me sysla vekk moglegheitane på denne øya? Det har ikkje vore mykje drahjelp å få.

Magnar Aaland. Foto: Jonas Sætre/Stord24

- Annonse -