100-årsjubileet vart sparka i gang av 1100 tilsette som danna desse formasjonane. Foto: Kværner
- Annonse -

Nedtellinga for neste års 100-årsjubileum har starta på Kværner på Stord.

– Rundt 1100 prosjektmedarbeidarar frå Kværner, leverandørar, kundar og samarbeidspartnarar stilte opp til dette spektakulære gruppefotoet framfor Johan Sverdrup-plattforma, som skal leverast i jubileumsåret, skriv Kværner.

I 2019 er det 100 år sidan industrieventyret vart starta på Kjøtteinen, då det starta opp ein siljeoljefabrikk.

Verksemda er godt gang med planlegginga av jubileumsåret, og har lansert ei Facebook-side der det vil bli lagt ut oppdateringar og arrangement i høve jubileet.

- Annonse -

Store tal på Stord! Nedtellinga til neste års 100-årsjubileum har starta. Ca 1100 prosjektmedarbeidarar frå Kværner,…

Publisert av Kværner 100 Torsdag 1. november 2018

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -