Foto: Kleven Verft
- Annonse -

Fiskebåten «nye Gitte Henning» er endeleg ferdigstilt på Kleven Verft i Ulsteinvik.

Salt Ship Design på Stord fekk hausten 2015 kontrakt på designet av den 90 meter lange fiskebåten «nye Gitte Henning».

No, snart tre år seinare, er fiskebåten klar for havet. Den vert no levert til det danske reiarlaget Gitte Henning.

Fiskebåten er ein av dei største pelagiske fiskefartøya, og tidenes største danske fiskebåt, ifølgje nettstaden Tekfisk.

Reiar Henning Kjeldsen rosar jobben som er gjort av designarane på Stord.

– Me har tidlegere brukt Vik og Sandvik og Wärtsilä, og kjende difor til skipsteiknarane frå før av. Dei har gjort ein fantastisk jobb. Eg er også svært nøgd med den jobben Kleven har gjort for oss.

- Annonse -

Egil Sandvik i Salt Ship Design seier til avisa at fiskebåten er av svært høg standard.

– Den er jo veldig påkosta, og Kjeldsen har fått ein båt akkurat slik han ønska seg. Den er nesten å rekne som ein fiske-yacht, seier Sandvik til nettavisa.

No er båten på veg til Skagen i Danmark for dåp.

Sjå video av fiskebåten:

- Annonse -