- Annonse -

KOMMENTAR: Alt ligg til rette for at Leirvik kjem til å blomstre i åra som kjem. No er det på høg tid å slutte å snakke ned byen vår.

Av: Jonas Sætre, redaktør i Stord24

Det er etter kvart blitt ein klisjé. Vikjo er dødt. Borggata er dødt. Heiane er det nye sentrumet på Stord. Alt var så mykje betre før, då det vrimla med folk i gatene!

Dette var kanskje treffande skildringar for eit tiår sidan. Men det er ein annan historie om byen vår som fleire burde snakka om. Dei siste åra har det blomstra fram ei rekkje spennande tilbod som gjer at Leirvik i dag framstår som ein meir attraktiv stad enn det har gjort på svært lenge. Ikkje for å storhandle, og ikkje for å få unna praktiske gjeremål når ein har det travelt – men for å oppleve noko, møte andre menneske, rusle i gatene. Kort sagt alt det ein by skal vere.

Me har fått nye spennande serveringsstader, både i Borggata og på Bytunet. Me har fått ein trendy kaffebar i Borggata, som like gjerne kunne vore midt i tjukkaste Grünerløkka. Snart blir det liv igjen i Fengselet. Nye kunstgalleri poppar opp. Nyetablerte verksemde etablerer seg med kontor i sentrum. For å ikkje snakke om alle leiligheitane som reiser seg opp i skyene.

Samtidig har me vore vitne til eit yrande folkeliv i helga som var, i samband med den ferske matfestivalen. Det viser at det skal lite til for folk å strøyme til Vikjo når det først er noko som skjer.

- Annonse -

Difor er det no på høg tid å slutte og snakke ned byen vår.

Samtidig held utviklinga på Heiane fram. Det svære handelsområdet har utruleg ikkje nådd sitt metningspunkt. Snart opnar varehusa Schousen og Rusta, og Biltema ønskjer å opne eit gigant-varehus på Heiane Vest.

Då er det på tide å spørje seg: Kor lenge kan Heiane halde fram å vekse? Kor mange store varehus vil det vere marknad for i framtida? Skal ein tru spådommane til trendforskar Ståle Økland, så er ikkje framtida til Heiane særleg optimistisk. Han trur at 30 prosent av butikkane i Norge vil bli lagt ned innan 2030 grunna netthandel, og han meiner det er kjøpesentra utanfor bykjerna som vil slite mest.

Denne trenden er allereie på frammarsj i USA. Kjøpesenterdøden breiar om seg, i hovudsak grunna nettbutikkar som Amazon som vinn kampen om kundane både på pris og service. Nyleg gjekk leketøyskjeda Toys R Us konkurs, og banken Credit Suisse spår at 8600 butikkar i USA kjem til å stenge i løpet av 2017.

Når fylkesmannen no protesterer mot etableringa av den nye Biltema-butikken er det lett å heve på augebryna. Men samtidig kan ein spør seg kor framtidsretta etableringa av eit slikt gigant-varehus eigentleg er i vår digitale tid?

Samtidig står me overfor ein omfattande robotisering av arbeidslivet. Det betyr at det blir stadig færre tilsette i handelsbransjen, der alt frå lager til betaling blir overlaten til robotar. Det blir ikkje akkurat mindre attraktivt å handle på nettet av sånt.

For Leirvik sin del er dette gode nyhende, for tilbodet på Leirvik er i mindre grad blitt noko ein kan erstatte med netthandel. Kafear, galleri, lokalprodusert handverk. Slike ting vil aldri gå av moten, tvert i mot vil etterspurnaden auke når ein yngre og meir urban befolkning kjem til. Difor bør ingen i dag grine over at dei større kjedene flyttar til Heiane.

Problemet med sentrumsdebatten er at den er prega av argument som tek utgangspunkt i korleis Leirvik var for 30 år sidan. Bilkøyring gjennom Borggata er ein debatt som forhåpentlegvis er lagt død for godt, då ikkje ein einaste i kommunestyret ville ta saka vidare. Eit klokt val av politikarane.

Det ein bør ha fokus på framover er å skape byrom og tilbod som utviklar Leirvik til å bli eit framtidsretta bysentrum der alle kan trivast. Ein god start er at me begynner å snakke opp byen vår.

- Annonse -