- Annonse -

Salen var heilt fullsett onsdag kveld, då Akhtar Chaudry og Stord24 arrangerte samtale med forfattar Bushra Ishaq og prost Svein Arne Theodorsen.

Det er ikkje tvil om at islamdebatten engasjerer folk, også på Stord. Opp mot 70 interesserte møtt i går opp i salen på Sunnhordland Museum for å høyre på føredrag med forfattar Bushra Ishaq.

Ho er aktuell med boka «Hvem snakker for oss?», basert på hennar forsking om norske muslimar sine haldningar.

Ho møtte prost i Sunnhordland, Svein Arne Theodorsen for ein samtale. På slutten var salen open for innlegg og spørsmål frå salen, der mange engasjerte tilhøyrarar nytta høve til å kome med innlegg knytt til den norske islamdebatten.

Dersom du ikkje var til stades så kan du sjå video av heile seansen øvst i saka.

- Annonse -