Foto: Wikipedia
- Annonse -

Bømlingen i slutten av 20-åra utgjorde ingen auka trafikkfare då han hadde røyka cannabis dagen før han satt seg bak rattet. Likevel mister han lappen for alltid.

Det var i januar i år at politiet kom i prat med bømlingen då han sto parkert ei ei busslomme i Svortland sentrum. Dei mistenkte at han hadde røykt hasj, noko han innrømma på staden å ha gjort dagen i forvegen.

Bømlingen opplyste også at han hadde mindre mengder hasj heime hos seg sjølv. Dermed måtte han avgi blodprøve og politiet gjennomførte ein full ransaking av heimen hans.

Blei ikkje vurdert som påverka

Politiet fann 5 gram hasj i heimen hans. Blodprøven viste at han hadde ein liten konsentrasjon av verkestoffet THC i blodet. Undersøkinga av legen viste derimot at at mannen blei vurert som «ikkje påverka».

– Konklusjonen er at tiltalte ikkje fremsto påverka. Tiltalte var fullt bevisst, orientert for tid og stad og hadde upåfallande auge utan tåreflod. Tiltalte hadde normale pupillar og normal reaksjon på lys, trygg gange og skorte fullt på de øvrige testane i den kliniske undersøkinga, skriv retten.

Det er dermed ingenting som tilseier på at cannabis-røykinga utgjorde ein auka faregrad i trafikken då han vart stoppa av politiet.

- Annonse -

Retten viser likevel til at køyring i ruspåverka tilstand generelt utgjer ein svært stor trafikkrisiko, og meiner mannen ikkje har forsikra seg nok om at dette ikkje var tilfelle i denne saka.

– Tiltalte føretok ingen undersøkingar om han framleis kunne vore påverka av hasjrøykinga dagen i forvegen. Med eit enkelt søk på nettet kunne han funne ut kor lenge hasj normalt sit i kroppen. Då han ikkje har gjort dette, eller føreteke andre undersøkingar, finn retten det utvilsamt at han har handla uaktsomt.

Sjølvmedisinering

Retten finn det bevist at grunnen til at bømlingen røykte hasj var på bakgrunn av sterke smerteplagar, og at han ikkje kan ta vanlege smertestillande for desse plagene. Tiltalte forklarte sjølv i retten at han røykte cannabis for sjølvmedisinering.

Mindretalet i retten meinte difor det var urimeleg å dømme mannen til tap av førarrett for alltid.

– Meddommar Camilla Elen Berg Larsen, finn det urimeleg å idømme tap av førrarrett for alltid, og viser til at tiltalte er ein ung mann med livet framføre seg, og at han har vore noko uheldig i livet sitt som har gjort at han har tatt nokre feil val.

– Ikkje eit for stort inngrep

Men fleirtalet, beståande av dommerfullmektig Vegard Hunstad og meddommer Magnar Drange, meiner tap av førrarretten for alltid ikkje var ein for streng reaksjon.

– Fleirtalet finn ikkje at frådømminga av førarrretten for alltid er eit uforholdsmessig inngrep, verken aleine eller saman med den øvrige straffa. Omsynet til trafikktryggleiken tilseier eit slikt tap.

Retten bestemte dermed å dømme mannen til 36 dagars fengsel på vilkår, og tap av førarrett for alltid. I tillegg må han betale ei bot på 10.000 kroner til statskassa.

- Annonse -