Pensjonert generalløytnant Robert Mood skal gi råd til korleis verksemder i Sunnhordland kan vinne mot globale aktørar. Pressefoto
- Annonse -

Den kjende generalen og Fritt Ord-prisvinnaren er trekkplaster for årets Sunnpodium-konferanse på Bømlo.

Robert Mood vil snakke om leiarskap, ansvar og erfaringa med å ta viktige avgjerder i pressa situasjonar. Mood er generalløytnant og har omfattande erfaring frå leiarstillingar i det norske forsvaret, FN og NATO.

Han gjekk av med pensjon frå Forsvaret 57 år gamal, men har ikkje slutta å delta som ein tydeleg stemme i den norske samfunnsdebatten.

– Eg har aldri gjort noko anna enn å setta ord på ting folk flest tenkjer, og vera med å opplysa samfunnsdebatten innanfor ramma av å vere embetsmann og ytterst lojal i høve til politiske beslutningar. Det har vore nokre kritiske røyster, og litt peppar har eg fått, men alltid innanfor ramma av faglege diskusjonar, seier generalløytnant Robert Mood i ei pressemelding.

Mood meiner det er to store utfordringar me står ovanfor i verda i dag som me her i Noreg ikkje tørr å setja ord på; klimautfordringane og vår eiga rolle i dei, og den veksande framandfrykta.

– Å stimulere til framandfrykt skaper konfrontasjon, dårleg integrasjon, parallellsamfunn, vold og i verste fall krig. Og det er ikkje dei andre som er problemet, det er oss. Måten me, og ikkje minst våre leiarar, møter problema på, seier Mood.

- Annonse -

På SunnPodium vil han Robert Mood også snakke om korleis små og store verksemder i Sunnhordland kan stå saman som region og vinna slaga om den globale marknaden.

Næringslivskonferansen på Bømlo vil gå av stabelen 29. og 30. mai på Bømlo folkehøgskule.

Her blir det også paneldebatt med ordførarane i Sunnhordland, og i Haugesund og Karmøy, om korleis regionen kan kome styrka ut av av regionreforma.

- Annonse -