Dommar Knut Gramstad og meddommarane i Sunnhordland tingrett,trudde ikkje på forklaringa til 23-åringen.
- Annonse -

23-åringen nekta all kjennskap til pakken med 200 gram amfetamin som vart henta i hennar namn på eit postkontor på Stord.

Stord-kvinna blei altså ikkje trudd av Sunnhordland tingrett, som har idømt ho ein fengselsstraff på eitt år og to månadar, der fem månadar av straffa er på vilkår.

Det er nøyaktig den same straffutmålinga som aktor fremja under rettssaken som gjekk måndag denne veka.

Det sentrale beviset i retten var tekstmeldingane som vart utveksla mellom kvinna og 25-åringen som sendte pakken med amfetamin. Forsvararen meinte dette ikkje var bevis nok til å dømme kvinna, og viste til at det var mogleg for ein tredjepart å tilgang til meldingane via ein datamaskin.

Ikkje i tvil

Retten har kome fram til at dette er heilt usannsynleg. Retten skriv at dei finn det heilt uråd at nokon annan kan ha hatt tilgang til tiltalte sin telefon den 15., 16. og 17. november 2016 utan at ho har visst om det.

- Annonse -

Retten skriv vidare at dei likevel ikkje kan utelukka at andre kan ha hatt tilgang på annan datamaskin som ho eigde, men viser til at ho har ikkje forklart at ho hadde noko datamaskin, og ho har i alle høve fått meldingane på sin telefon.

– Samla sett er retten ikkje i tvil om at tiltalte fekk tekstmeldingane, kjørte så fort ho kunne frå Bergen til postkontoret på Heiane, og henta pakken som ho visste inneheldt amfetamin. Ho blir difor funnen skuldig etter tiltalen, skriv tingretten.

Vil anke saka

Forsvararen til 23-åringen, Erling Kjærmann, ville ha full frifinning for kvinna, men oppmoda retten til å gi ho fengselsstraffa dersom ho skulle bli dømt. På bakgrunn av den strenge fengselsstraffen seier han at kvinna allereie har bestemt seg for å anke saka til lagmannsretten.

– Eg har nettopp snakka med klienten min, og ho kjem til å anke saka, seier Kjærmann.

- Annonse -