Rema 1000 på Vabakken opna i november i fjor. Til hausten opnar kjeda sin fjerde butikk på Stord. Foto: Rema 1000

Trass i laber utvikling nasjonalt så klarar Rema 1000 seg godt på Stord, og tek store marknadsdeler frå andre daglegvarebutikkar i Sunnhordland. Til hausten opnar endå ein Rema-butikk i byen.

Ferske rekneskapstal for eit utval av daglegvarebutikkane på Stord er klare, og viser at ein tøff marknad med små marginar. Men for Rema 1000-butikkane på Stord så er utviklinga positiv, trass i at Rema nasjonalt har gått på store tap så langt i år.

Eivind Birkeland, som driv den nyaste Rema 1000-butikken på Vabakken er godt nøgd med besøkstala etter at dei opna dørene i november i fjor.

Eivind Birkeland er godt nøgd med omsetnaden for den nye Rema 1000-butikken på Vabakken. Foto: Rema 1000

– Jau, me er godt nøgd med omsetnaden sidan me opna i fjor haust. Me hentar kundar frå dei andre butikkane i nærområdet, som Rema 1000 Bjelland og Kiwi Studalen og i Kunnskapshuset.

Selskapet til butikksjefen, som tidlegare dreiv Rema 1000 på Bjelland enda opp med ei omsetnad på dryge 55 millionar kroner. Det er 11 millionar lågare enn året før. Men med tanke på at det ikkje var inntening mellom juni, då Birkeland ga frå seg ansvaret for Bjelland-butikken og fram til november, då Vabakken-butikken opna, så er han godt nøgd med omsetnaden. Selskapet gjekk i eit lite pluss med eit resultat før skatt på 240.000 kroner.

Tek marknadsdeler

Birkeland opplyser til at Rema 1000 så langt i år har kapra 10 til 12 prosent nye marknadsdeler i Sunnhordland.

– Rema totalt i Sunnhordland har henta mykje omsetnad frå andre kjeder så langt i år, seier Birkeland.

For Rema 1000-butikken på Heiane er situasjonen også positiv. Selskapet som driv butikken, John Ståle Eldøy AS, hadde ei omsetnad på 114 millionar kroner. Der er tre millionar lågare enn året før, men likevel den nest høgaste omsetnaden som butikken har oppnådd. Butikken enda opp med eit resultat før skatt på 2 millionar kroner.

Sagenes gjekk i minus

For Spar Ådland, som vert drive under namnet G. Sagenes Matsenter AS, er ein av butikkane som har merka den skjerpa konkurransen frå Rema 1000. For første gang dei siste 20 åra gjekk dei i fjor i minus.

Butikken enda opp med eit resultat før skatt på minus 85.000 kroner, mot to millionar i pluss i 2015. Omsetnaden enda på 36 millionar kroner, som er halvanna million lågare enn i 2015.

– Me har hatt ein god del investeringar med ombyggingar i butikken. På den andre sida er marknaden mykje tøffare enn på lenge. Det er generelt eit friskare klima. Det er kome ein ny butikk og den et frå alle. Og så har me nok ikkje vore flinke nok til å kutte kostnadar, seier butikksjef Gunnar Sagenes.

– Når det er sagt så ser det ser lysare ut i år, og me har håp om å gå i pluss dette året.

Når det gjeld Spar-butikken på Haga såg fjoråret langt lysare ut. Dei enda opp med eit resultat før skatt på 1,88 millionar kroner, opp frå 1,77 i 2015. Omsetnaden til butikken enda på 57,3 millionar kroner, som er ny rekord for butikken i Nordbygdo.

Lite inntening på Bytunet

Det er tydeleg at Matkroken på Bytunet er veslebroren på daglegvaremarknaden på Stord. Butikken hadde ei omsetnad på fattige 13,7 millionar kroner, som er ei nedgang på halvanna million frå 2015. Likevel klarte butikken å gå i pluss med eit resultat før skatt på nær 300.000 kroner, mot eit negativt resultat i 2015 på over ein halv million. Dette har butikken klart mellom anna ved å kutte lønskostnadane.

Kiwi, Coop og Meny publiserer berre rekneskap samla for hovudkontoret og ikkje for kvar enkelt butikk. Stord24 har forsøkt å få ein uttale frå Kiwi for omsetnadstal for dei dei fire Kiwi-butikkane på Stord, men utan hell.

Ny Rema 1000-butikk

Til hausten vil det bli endå hardare konkurranse på daglegvaremarknaden på Stord. i november opnar det ein ny Rema 1000 butikk i Sagvåg, som vil bli den fjerde i byen.

Til årsskiftet vil også Meny leggje ned butikken på Amfi-senteret, slik Stord24 har meldt tidlegare. Det er førebels ikkje klart kven som vil ta over daglegvaredrifta i lokalet, men det vil ikkje bli ein butikk driven av Norgesgruppen.