Per Olav Kaldestad var festivalforfattar under årets festival, som altså efkk rekordmange publikummarar. Foto: Falturiltu
- Annonse -

Barnebokfestivalen på Stord passerte 6000 publikummarar for første gong. No er festivaleiinga allereie i full gang med planlegging av neste års festival.

Den ellevte utgåva av barnebokfestivalen Falturiltu går inn i historiebøkene som den mest besøkte festivalen. Det er ein godt nøgd festivalleiar Roald Kaldestad som no gjer opp rekneskapen for årets festival.

– Me har passert 6000 publikummarar totalt. Det er det første gong me gjer, så det er rekord i år igjen. Så dette er jo veldig kjekke tal, seier leiar i programkomiteen Roald Kaldestad.

– Korleis nøgd er du med årets festival?

– Eg føler at det meste har gått veldig bra. Eg føler dette har vore den beste festivalen til no. Me tenkjer jo kvart år at me har laga ein så bra festival som me kan, men likevel føler eg at me trefte endå betre i år.

Etablert festival

Leiar i programkomiteen, Roald Kaldestad. Foto: Atle Hansen/Wikipedia
- Annonse -

Kaldestad meiner festivalen er blitt såpass etablert at folk kjem lettare ut på arrangementa. I år har festivalen også satsa ekstra mykje på arrangement i nabokommunane.

– Me ønskjer å inkludere dei kommunane som er naturlege å ha med. I år hadde me arrangement i nesten alle kommunane i Sunnhordland, så dette er noko me har gjort meir go meir.

– Kva vil du trekkje fram som høgdepunkta for årets festival?

– Mest overraskande var at det var nesten full kinosal på Falturiltufesten under konserten med bandet Morgonfrosken i samarbeid med to lokale kor. Det er ikkje ofte me klarar full  kinosal. Så vil eg trekkje fram to fantastiske arrangement for vaksne, med Stein Torleif Bjella og Linda Eide.

Held seg til barnelitteratur

Sjølv om det i årets festival var ei rekkje ulike arrangement for vaksne, så ønskjer ikkje festivalleiinga å gå bort i frå hovudfokuset på barnelitteratur.

– Eg tenker det er kjekt å ha arrangement for alle aldersgrupper, inkludert reine vaksenarrangement og arrangement for dei eldre. Det trur eg ikkje er for dumt, for ein involverer trass alt dei som kjøper bøker for ungane. Då føler me kanskje at folk får litt eigarforhold til festivalen. Det er jo fristande å fylle på med konsertar og sånn for vaksne, men me er veldig obs på at me vil halde oss til grunnideen.

Etter elleve år i drift så meiner Kaldestad at Falturiltu-festivalen ikkje lenger berre er ein lokalfestival, men at den no har blitt lagt meir merke til nasjonalt.

– Me ser det litt på pressedekninga. At til dømes NRK og Klassekampen har laga reportasjar er berre noko dei har gjort dei siste åra. Iallfall innanfor nynorskverda og blant forlagsfolk rundt omkring så legg dei festivalen inn som eit fast reisemål. Sånn sett har det vore ei veldig fin utvikling.

Neste år

Sjølv med ei intens festivalveke bak seg så er det ikkje tid for å kvile for Roald Kaldestad og resten av programkomiteen. Førebuingane for neste års festivalveke er i full gang.

– Me har kome veldig langt med planlegginga neste års festival, og har allereie grovskissene klare og kven som skal vere festivalforfattaren. Det er veldig gøy, for når ein er ferdig og har lyst å jobbe mot neste år er det eit godt teikn. Det er veldig god stemning i styret, seier Kaldestad.

- Annonse -