Etter at regnet, Mamma Mia oppfølgaren og "Mission: Impossible" kom, har det vore mykje aktivitet i Stord Kulturhus.
- Annonse -

Sjølv om «Mamma Mia: Here We Go Again!» framleis har fleire visningar, har den allereie vore den mest sette kinoen på Stord denne sommaren.

Kinosommaren hadde ein treig start for Stord Kulturhus. Strålande sol og sydenvarme gjorde det truleg mindre attraktivt å bruke dagane inne på kino.

Likevel har Mamma Mia oppfølgaren lokka nesten 3000 stordabuar inn i kinosalen.

Trivast best med fult hus

Herdis Elin Belsvik, einingsleiar og kinosjef i Stord Kulturhus, fortel at sommaren gjekk treigt før «Mamma Mia: Here we go again!» og «Mission: Impossible 6» kom på lerretet.

Einingsleiar og kinosjef i Stord Kulturhus, Herdis Elin Belsvik. Foto: Privat

– Det retta seg litt då dei filmane kom, og så kom jo regnet og. I sum har det vore ein bra sommar.

Ho fortel at interessa spesielt har vore stor for Mamma Mia oppfølgaren, og at dei til no har vist filmen 25 gonger. Sjølv om filmen har vore mykje vist verkar det som at den framleis gjer det bra.

- Annonse -

– Me viser den så lenge folk vil sjå, og no har me høve til å kjøre på. Det er veldig kjekt at det kjem mykje folk i huset. No har det vore travelt og det likar me, ler Herdis.

Nye lerret i begge kinosalane

Herdis fortel at filmane no blir vist på nye lerret både i storsalen og i småsalen.

– Det gamle 3D systemet var begynt å streike og det måtte me gjere noko med. Det var òg komen ei rift i lerretet i storsalen, så då gjorde me ei litt større endring med det same.

Ho fortel at rifta i lerret truleg kom av at kulissar eller liknande hadde vore borti. Grunna mykje aktivitet på scena i storsalen, er lerret no plassert lenger framme for å gjere ting enklare.

– No har me det nye lerretet framme på scena og så rullast det opp og ned. Då kan det stå kulissar bak. På den måten slepp ein rydde vekk ting om me skal vise film, og me kan vise film oftare, fortel Herdis nøgd.

Betre 3D system

Ho fortel at det ikkje berre er lerreta som vert bytta ut i kulturhuset. For at 3D opplevinga skal verta betre, skal og vindauga i maskinrommet byttast ut for å sleppe gjennom meir lys.

I tillegg skal 3D-brillene som plar delast ut, byttast ut med at gjestene kjøper eigne briller i kiosken.

– No skal systemet verta betre. Tidlegare måtte me dele ut briller, samle dei inn igjen og vaske dei, fortel ho.

– Kjem det til å bli mykje 3D visningar framover no då?

– Det kjem litt an på filmame. Det er alltid nokon som har lyst til å sjå filmar i 3D, men som regel vil ein sjå dei i 2D, fortel ho.

Herdis legg til at dette truleg vert eit bra kino år, og at stordabuar kan gle seg til gode filmar framover i haust.

 

- Annonse -